Griegsamlingen (Oseana Kunst og kultursenter)

(The Grieg Collection (Oseana Kunst- og kultursenter))

: 2008

I 2006 presenterte Per Grieg sr. tankane om å byggja eit kunstmuseum i Os kommune (no Bjørnafjorden kommune). Museet skulle husa Grieg si kunstsamling, og gjera denne tilgjengeleg for folk flest. Sjølve bygget skulle også væra spektakulært, helst liggja ved fjorden, og representera noko nytt i høve tradisjonelle kunstmuseum. Ideen vart til eit multifunksjonelt kunst- og kultursenter på 5800kvm , og Grieg Arkitekter v/Andreas Grieg og konsulentane Harald Lekven og Geir Kragseth var sentrale aktørar i forprosjektet. To år seinare, 18.desember 2008, fatta Os kommunestyre samrøystes det historiske vedtaket om å realisera eit kombinert kunst- og kultursenter på Mobergsneset ved Osøyro. Oseana kunst- og kultursenter skulle bli ein realitet.

24.april 2009 tok byggjearbeidet til på Mobergsneset, og etter to års byggetid finn offisiell opning stad 17.juni 2011.

https://www.griegsamlingen.no/