Då Kunstnerforbundet i Kristiania (Oslo) vart etablert seinhaustes i 1910, var Astrup andre utstillar på programmet, etter målaren Theodor Kittelsen. Det vart ikkje produsert katalog, men protokollane frå Kunstnerforbundet viser at Astrup stilte ut 54 måleri, av dei var 15 til sals. Rasmus Meyers Samlinger var rikeleg representert.

Responsen var prega av optimistiske forventningar til kva Astrup hadde gjort i Jølster sidan den førre utstillinga hans i Kristiania i 1905. Kritikaren Jappe Nilssen, som hovudsakleg skreiv for avisa Dagbladet, framheva Astrup som «vestlandets maler par exellence». Kunstnaren Christian Krohg og forfattaren Hans E. Kinck gav òg rosande kritikkar, sistnemnde med ein målande karakteristikk: «Gives der kunst som har pant paa langt liv, maatte det vel være en slik ekstatisk, hvori grænden blev verdensrom og øieblikket blev evighet».  

Referanser

b. (Bang). «Nikolai Astrup». Morgenbladet, 1911–01–21.

Krohg, Christian. «Nicolay Astrup». Dagens Nyt, 1911–01–26.

Nilssen, Jappe. «Nicolai Astrup». Dagbladet, 1911–01–27.

Normann. «Vestlandsmaleri». Aftenposten, 1911–01–26.

Skappel, A.. «Nicolai Astrup». Verdens Gang, 1911–01–30.

Steen-Johansen, Søren. «Kunst og kunstnere: Nikolai Astrup-utstillingen». Aftenposten, 1911–01–18.

T., R. (Rolf Thommesen). «Astrup». Tidens Tegn, 1911–01–23.

T., R. (Rudolf Thygesen eller Rolf Thommessen). «Astrup-utstillingen. En suksess.». Verdens Gang, 1911–01–26.

Thornam, A.. «Nicolai Astrup». Verdens Gang, 1911–01–27.

ukjent. «Paa Astrups Utstilling». Kunstnerforbundet?, 1911–01–24.

ukjent. «Kunstnerforbundets Udstilling». Ørebladet, 1911–02–14.