Under den årlege «Vårutstillingen» i Bergens Kunstforening i 1908 hadde Astrup ei eiga separat avdeling, med 63 måleri. Dei utgjorde ein tredjedel av den totale verkslista på 170 nummer. Utstillinga vart ein viktig møteplass, då Astrup knytte kontakt med filologen Sigurd Høst og samlaren Rasmus Meyer. Meyer kjøpte til saman sju måleri, som i dag er sentrale verk i Rasmus Meyers Samlinger ved KODE i Bergen.

Sjølv om Astrup selde 25 måleri, vart utstillinga ei dyr affære, på grunn av kostnader knytte til transport, forsikring, lagring og innramming. Fire måleri vart dessutan gitt bort som avbetaling på gjeld. Astrup produserte òg ein eigen katalog. Innleiingsvis var det prenta sju sider med «Pressens og kjendte Mænds Udtalelser om Nikolai Astrups kunst», mellom dei attestar frå kunstnarane Christian Krohg og Fritz Thaulow. Dette vitnar om Astrups veksande renommé. Kritikarane var òg positive til denne utstillinga. Bergens Tidende skreiv mellom anna at Astrup var urørd av all ytre påverknad: «Det er som om hele Barndommens ureflekterte Stedbundethed er blevet siddende i hans Sind». 

Referanser

a.. «Fra Kunstforeningen». Bergens Tidende, Bergen: 1908–05–05.

a.. «Vaarudstillingen». Bergens Tidende, Bergen: 1908–05–27.

ukjent. «Kunstforeningens Vaarudstilling». Bergens Tidende, 1908–05–02.