I april i 1905 arrangerte Astrup si første separatutstilling. Utstillinga vart vist i lokala til C.W. Blomqvist's kunsthandel i Kristiania (Oslo). Kunsthandlaren hadde lita tru på den unge og ukjende kunstnaren, og han lét Astrup stå for installeringa åleine. Utstillinga vart ein suksess: Astrup hausta overstrøymande heider i avisene, og kritikarane var alle samde om at debutanten introduserte noko nytt og unikt. Astrup vart omtalt som eit vestnorsk «naturbarn», med eit tydeleg koloristisk talent. Han stilte seg fritt til både akademilæra og straumdrag i tida. Omfanget av utstillinga er uklart i kjeldene. Ein kritikar skriv 50 verk, medan ein annan opplyser at det var stilt ut mellom 30 og 40. Salskvitteringa er den einaste verkslista frå utstillinga, og den viser at Astrup selde 16 bilete.  

Referanser

b. (Bang). «Hos Blomqvist». Morgenbladet (Aftennummer), 1905–04–13.

Thommesen, Rolf. «Kunst». Verdens Gang, 1905–04–16.