Innhald og navigering

Catalogue raisonné

Den resonnerande katalogen gir ei autentisk og kronologisk oversikt over Nikolai Astrups kunstverksproduksjon, med tekniske spesifikasjonar og utgreiing om proveniens, utstillingshistorikk og bibliografi for kvart enkelt verk.

Dette er eit pågåande forskingsprosjekt, og databasen vert fortløpande oppdatert. Nettkatalogen inneheld om lag 130 måleri og ei komplett samling trykkplater, og katalogen vert fortløpande utvida. Over dei neste åra vil nettkatalogen verte supplert med materialgruppene grafikk, teikning, fotografi, faner og design.

Objekttype

Kunstverka er sorterte etter tre ulike materialtypar: måleri, trykkplater og bok. Lista vil i løpet av prosjektet verte utvida med grafikk, teikningar, fotografi, faner og design.

Sjanger

Databasen over kunstverk kan sorterast i seks ulike sjangrar: illustrasjonar, interiør, landskap, portrett, sjølvportrett og stilleben.

Lokalitet

Jølster avgrensar i stor grad motivkretsen i Astrups kunst og kan sorterast etter stadene Ålhus, Myklebust, Sandalstrand (Astruptunet) og Sunde.

Datering

Astrup sin produksjon strekkjer seg frå ca. 1890 og fram til kunstnaren døydde i 1928. Oversikta kan avgrensast etter dateringsvala «frå – til» innanfor dette tidsrommet.

Søk

Søk i databasen kan gjerast med fritekst. Oversikta kan sorterast kronologisk, med dei eldste eller dei nyaste verka først (piler), og med liste- eller rutevising. Med funksjonen «Last inn fleire resultat» kan ein laste inn fleire treff, medan pilene nede til høgre fører tilbake til toppen.

Kunstverk

Presentasjonen av kunstverka inneheld tekniske spesifikasjonar og utgreiing om proveniens, utstillingshistorikk og bibliografi for kvart enkelt verk.

Innleiingsvis vert grunnleggjande informasjon om verket presentert. Dette omfattar tittel, datering, teknikk og ID-nummer, og i tillegg sjanger, nøkkelord og lokaliteten til motivet. Etter basisinformasjonen følgjer ein kort introduksjon, medan aktuelle problemstillingar, som til dømes motiv, titlar eller datering, vert utdjupa i analysen.

Presentasjonen inneheld dessutan eit høgoppløyseleg bilete av verket, som kan utforskast gjennom zoom-funksjonen. I nokre tilfelle inneheld verkspresentasjonen andre relaterte bilete. Det kan vere verksfoto med ramme og/eller foto av bakside, historiske foto og tekniske foto.

ID

Eit kunstverk kan ha fleire id-nummer, og inventarnummeret som musea nyttar, er eit eksempel på eit slikt nummer. Aktuelle måleri inneheld katalognummeret frå Øystein Loge sin katalog (1985) og nummer frå Astrup si eiga verksliste (1927). Grafikk og trykkplater frå Astrup har nummer frå katalogane til Jan Askeland (1956) og Kari Greve (2010).

Avslutningsvis i prosjektet vil dei ulike materialgruppene få unike CR-nummer, som reflekterer ein kronologi i Astrups produksjon.

Tittel

Eit kunstverk har ofte fleire titlar i dei historiske kjeldene. Verkskatalogen skil mellom den etablerte tittelen, tidlegare og feilaktige titlar, og i tillegg Astrup sine eigne titlar.

Datering

Dateringa av Astrup sine verk er oppført med to årstal: Dette markerer tidsrommet for når ein meiner at verket vart skapt. Bruken av tidsvindauge viser utfordringane knytte til datering, då kunstnaren i liten grad daterte det enkelte verket. Dateringa «1902–1908» indikerer til dømes at verket vart utført etter at kunstnaren fullførte utdanninga si i 1902, men før det vart utstilt i 1908.

Signatur og påskrift

Primære signaturar/inskripsjonar er kunstnaren sine eigne, medan dei sekundære er utførte av andre etter kunstnaren var død. Signaturar og inskripsjonar er oppførte med store og små bokstavar og med teiknsetjing slik skrifta framstår på biletet.

Sjanger, nøkkelord og lokalitet

Sjanger og nøkkelord er parametrar som kategoriserer Astrups kunst. Orda er interaktive og fører til oversikter over verk som høver i den enkelte kategorien. Lokaliteten til motivet, i dei tilfella der han er kjend, er markert med koordinatar i eit digitalt kart. Koordinatane viser staden der Astrup har stått då han utførte verket.

Teknisk informasjon

Den tekniske presentasjonen inneheld ei oversikt over verkstype, teknikk og underlagsmateriale, og ei detaljert oversikt over ulike mål. Måla er oppgitt i millimeter for mest mogleg presis informasjon. Eventuelle problemstillingar knytte til tilstand, materiale og teknikk vil vere utdjupa i ein teknisk analyse.

Proveniens

Proveniensen viser eigarskapshistorikken til verket, med namnet på eigaren, datoar for eigarskap og eigarskapsskiftet, og dessutan tileigningsform. Proveniensen inkluderer alltid kunstnaren som første ledd, då han sjølv eigde verket mellom ferdigstilling og ny eigar. Direkte overgangar mellom to eigarar er markerte med semikolon, men dersom overgangen mellom to ledd er ukjend eller er usikker, er det nytta punktum. Tankestrek før eller etter årstal for eigarskifte indikerer at årstalet er usikkert.

På grunn av personvernforordninga (GDPR) er eigarar fødde etter 1920 pseudonymisert («privat eigar»), med mindre eigaren ønskjer publisering.

Ein komplett proveniensprotokoll er unntaket snarare enn regelen, men like fullt eit mål for katalogprosjektet. Proveniensen vert løpande oppdatert ved funn av nye opplysningar.

Utstillingshistorikk

Presentasjonen gir ei oversikt over separate og kollektive utstillingar der verket har vore utstilt gjennom historia. Utfyllande opplysningar om dei enkelte utstillingane er tilgjengelege i oversikta: https://nikolai-astrup.no/nb/exhibitions.

Bibliografi

Bibliografien inneheld ei oversikt over kjeldemateriale som er spesifikke for verket. Ein utfyllande bibliografi med publisert og upublisert litteratur som handlar om Astrups liv og verk, er tilgjengeleg i litteraturlista: https://nikolai-astrup.no/nb/bibliography.

Sitere katalogen

Haugsbø, Tove: Nikolai Astrup Online Catalogue Raisonné. Oslo/Bergen: Sparebankstiftelsen DNB og KODE Kunstmuseer og komponisthjem 2020–2022. Tilgang: https://nikolai-astrup.no/nb.

Enkeltverk vert det referert til med etablert tittel og unik URL.

Copyright

Fleire av bileta er beskytta av copyright og kan ikkje publiserast utan samtykke frå eigaren.

Explore Astrup's art and life

alt

Astruptunet: The Farm Garden

On a steep terraced hill rising above the south bank of the Jølstravatnet lake rests a cluster ..."

Explore theme
Sepia photograph of a man and a woman, Nikolai and Engel Astrup.

Timeline

A chronology of important events, places and people in Astrup’s life.

Go to timeline
alt

Birthday in the Parsonage Garden

A warm evening light is filtered through the leaf crown and creates a calm atmosphere between t..."

See Artwork