Materiale

Kunstverk

Kjernen i den resonnerande katalogen er kunstverka i seg sjølv. Undersøkingar av motiv, stil, teknikk og underlagsmateriale, og tolkingar av informasjon på baksida av verka, er vesentlege i dette arbeidet. Resonnement rundt desse aspekta, sett opp mot proveniens, utstillingshistorikk og arkivmateriale, kan verifisere at verket er utført av kunstnaren.

Omfanget av Astrup sine måleri ligg mellom 260 og 335 verk. Dette estimatet er basert på ein gjennomgang av Øystein Loge sin verkskatalog, som inneheld 210 måleri, i tillegg til ein gjennomgang av Astrup si eiga verksliste frå 1927 og utstillingshistorikken fram til i dag. Spennet indikerer eit potensielt omfang: Medan 260 måleri er identifiserte (høsten 2023), avslører gjennomgangen av Astrup si liste og utstillingshistorikken at det framleis finst opp mot 75 måleri som verken er identifiserte eller lokaliserte. Av dei lokaliserte verka finst 128 måleri i offentlege samlingar.

Nikolai Astrup forskingssenter vil rette ein stor takk til alle museum og stiftingar som har gitt oss tilgang til samlingane deira. Ein særleg takk til alle private eigarar, som har invitert oss heim for synfaring og fotografering av kunstverk, og som har delt viktige historier og kjeldemateriale knytt til verket.

Den resonnerande katalogen vert fortløpande oppdatert.

Arkiv

Ei særleg sentral kjelde er Astrup sine brev og manuskript. Som ein del av forskingsprosjektet har alle kjente handskrifter vorte digitaliserte, i tillegg til at ein stor del har vorte transkriberte og omsette til engelsk. Handskriftene tilgjengelege i det digitale arkivet, med faksimilar, annoterte transkripsjonar og engelske omsetjingar. Den engelske utgåva er utført i samarbeid med omsettar Francesca M. Nichols og Nikolai Astrup forskingssenter.

Nikolai Astrup Forskingssenter vil rette ein stor takk til Nasjonalbiblioteket og Universitetsbiblioteket i Bergen for digitalisering av materiale, og Folkebiblioteket i Jølster (Sunnfjord kommune) for lån av brevmateriale til digitalisering.

Senteret søkjer kontinuerleg etter arkivmateriale og oppdaterer bibliografien løpande.

Utstillingar

Utstillingshistorikken er ei sentral kjelde for den resonnerande katalogen, sidan denne historikken inneheld verksinformasjon og opplysningar om eigarskap. Frå debuten i 1899 har Nikolai Astrups kunst vore vist ved ei rekkje utstillingar, både i Noreg og i utlandet. Databasen er delt mellom separate og kollektive utstillingar. I si eiga tid arrangerte Astrup fire separate utstillingar og deltok i 15 kollektive utstillingar. Databasen vert jamleg oppdatert med aktuelle utstillingar. Den enkelte utstillinga er presentert med dato, institusjon og kurator, referanseliste over katalog, kritikk og andre omtalar, og dessutan eit galleri med utstilte verk. Galleria vert oppdaterte parallelt med den resonnerande katalogen.

Personar

Persondatabasen inneheld ei oversikt over personar som på ein eller annan måte er knytt til Astrup. Dette er personar som er nemnde i manuskript og brev til og frå kunstnaren, adressatar og kuratorar som har arrangert Astrup-utstillingar. Databasen er dessutan eit vesentleg verktøy i proveniensforskinga, som står sentralt i arbeidet med ein resonnerande katalog. Personsidene inneheld namn, fødsels- og dødsår og korte biografiar med relasjon til kunstnaren. Adressatar og personar som er omtalte i handskrifter, vil innehalde ei oversikt over aktuelt materiale, medan eigarar av Astrups kunst vil innehalde eit galleri over verk.

Personvernet er sikra etter personvernforordninga (GDPR). Datainnsamlinga følgjer prinsippet om dataminimering, i tillegg til at personar som er fødde dei siste hundre åra, som hovudregel er anonymiserte («Privat eigar»). Ved bruk av samtykkeerklæringar om innsamling og publisering vil forskingsprosjektet gi den registrerte størst mogleg kontroll over eigne opplysningar.

Institusjonar

Institusjonsdatabasen er ei samanfatning av alle institusjonar som Astrups kunst er representert i eller har vore utstilt ved, eller som er relevante i forhold til kunstnarskapen. Dette omfattar museum, galleri, kunsthandlarar og andre organisasjonar, til dømes stiftingar og bedrifter. Databasen er eit viktig verktøy i proveniensforskinga, som står sentralt i arbeidet med ein resonnerande katalog. Den enkelte institusjonen er presentert med etableringsår (og eventuelt avviklingsår) og adresser. Offentlege samlingar med Astrups kunst inneheld dessutan eit biletgalleri.

Bibliografi

Ein resonnerande katalog krev ei systematisk og metodologisk kartlegging og ein gjennomgang av publisert og upublisert materiale. Bibliografien reflekterer kjeldematerialet og inneheld over 1100 referansar i kategoriane Bok; Kapittel; Katalog; Redigert bok; Media; Tidsskriftartikkel; Avisartikkel; Pamflett; Avhandling og Upublisert tekst.

Bibliografien inkludert Astrup sine handskrifter er også tilgjengelege i referanseverktøyet EndNote. Ta kontakt med astrup@kodebergen.no for deling.

Explore Astrup's art and life

alt

Astruptunet: The Farm Garden

On a steep terraced hill rising above the south bank of the Jølstravatnet lake rests a cluster ..."

Explore theme
Sepia photograph of a man and a woman, Nikolai and Engel Astrup.

Timeline

A chronology of important events, places and people in Astrup’s life.

Go to timeline
alt

Birthday in the Parsonage Garden

A warm evening light is filtered through the leaf crown and creates a calm atmosphere between t..."

See Artwork