Personer

Persondatabasen inneheld ei oversikt over personar som på ein eller annan måte er knytt til Astrup. Dette er personar som er nemnde i manuskript og brev til og frå kunstnaren, adressatar og kuratorar som har arrangert Astrup-utstillingar. Databasen er dessutan eit vesentleg verktøy i proveniensforskinga, som står sentralt i arbeidet med catalogue raisonné.

Personsidene inneheld namn, fødsels- og dødsår, og korte biografiar med relasjon til kunstnaren. Adressatar og personar som er omtalte i handskrifter, vil innehalde ei oversikt over aktuelt materiale, medan eigarar av Astrups kunst vil innehalde eit galleri over verk.

Personvernet er sikra etter personvernforordninga (GDPR). Datainnsamlinga følgjer prinsippet om dataminimering, i tillegg til at personar som er fødde dei siste hundre åra som hovudregel er anonymiserte («Privat eigar»). Ved bruk av samtykkeerklæringar om innsamling og publisering vil forskingsprosjektet gi den registrerte størst mogleg kontroll over eigne opplysningar.