Regn
Olje på lerret, 1905 - 1911
Ukjent eier
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel indikerer at det viser eit landskap i regnstemning.
Måleriet «Regn» var lånt ut til Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i 1911. Eigaren var «Frk. Müller», men denne personen er ikkje identifisert. Ifølgje utstillingsprotokollen vart biletet returnert til eigaren via Sigurd Høst (1866–1939) i Bergen, så det er rimeleg å tru at Müller var busett i bergensområdet. Eigaren kan vere den bergensbaserte songaren og pianolæraren (Birgitte Ulrikke) Augusta Müller (1860–1927), men dette er ikkje stadfesta. Historikken etter 1911 er såleis ukjent.
Teknisk informasjon
Proveniens
-1905-:
Kunstner
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1911-1911-:
Ukjent tilegnelsesmåte
Frk. Müller