Vestlandsk og trøndersk kunst
Vestlandsutstillinga var etablert i 1922, med mål om å løfte fram eit vestlandsk kunstmiljø og støtte kunstnarane med kjøp. I 1926 vart Vestlandsutstillinga utvida med trøndersk kunst – for første og siste gong. Utstillinga var kuratert av arkitekt Jens Bull og målarane Trygve Eide og Moritz Kaland. Det nye konseptet opna for ei turnerande utstilling: Den første visninga var i Bergens Kunstforening, dei to påfølgjande i kunstforeiningane i Stavanger og Trondheim.
Just Bing i Bergen Aftenblad samanfatta utstillinga som «vestlandsk hjemmekunst» – storparten viste landskapsmotiv med heimleg karakter. Vestlandet – slik det er skildra av Astrup, Bernt Tunold og Bernhard Greve – er ekte og sikkert, men Bing saknar nokon som utfordrar: «Begavelsen reiser sig ikke i veiret, der er ingen opposition, ingen utropstegn.»
Utstillinga hadde omlag 4000 besøkjande.
Referanser
Bergens Kunstforening. Utstilling av vestlandsk og trøndersk kunst. Bergen: Bergens kunstforening, 1926.