I 1922 vart den første Vestlandsutstillinga arrangert i Bergens Kunstforening. Initiativet kom frå kunsthistorikaren Einar Lexow, med ein tanke om å samle og løfte fram eit vestlandsk kunstnarmiljø. Publikum vart oppmoda til å kjøpe verk, for å støtte kunstnarane i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Utstillinga vart kuratert av Lexow saman med kunstnaren Axel Revold. Til saman deltok 36 målarkunstnarar med tilhald i Bergen og omliggjande fylke, med til saman 124 verk.

Opphenginga følgde eit nytt prinsipp for bergenspublikummet: Verka var ikkje hengde opp alfabetisk – slik tradisjonen og ordninga i katalogen var, og dermed kunne ein finne «en enkelt malers arbeider spredt langt fra hverandre».

Astrup utgjorde eit tyngdepunkt i utstillinga, med ti måleri. Vidare viste Nils Krantz, Bernt Tunold og Hjørdis Landmark åtte måleri, medan dei andre kunstnarane hadde færre. På den måten vart Astrup løfta fram som den mest sentrale vestlandskunstnaren, eller for å nytte museumsdirektør Johan Bøgh sine ord: «Astrup danner avgjort utstillingens corona».

Astrup var i utgangspunktet bestemt på at han ikkje skulle stille ut ved denne utstillinga. Ifølgje Engel Astrup enda ei loddtrekning mellom henne sjølv og ektemannen med at Astrup skulle delta likevel. Påmeldinga hans skjedde med kort varsel – berre fjorten dagar før opninga.

I samband med utstillinga intervjua Bergens Tidende Johan Bøgh, som meinte at utstillinga burde «bli en fast traditionel instiution i Bergen». Utstillinga har sidan med få unntak vore arrangert årleg med turnering i vestlandsfylka, med 100-årsjubileum i 2022.

Totalt hadde utstillinga 4905 besøkjande.

Referanser

Bergens Kunstforening. Utstilling av vestlandsk malerkunst. Bergen: Bergens kunstforening, 1922.