Nikolai Astrup. Mindeutstilling
Då Astrup døydde i 1928, tok vennene Moritz Kaland ved Bergens Kunstforening og Simon Thorbjørnsen ved Kunstforeningen i Kristiania (Oslo) initiativ til å arrangere ei retrospektiv minneutstilling. Astrups eiga liste med 101 bilete frå 1927 danna utgangspunktet for utstillingsarbeidet. I tillegg lånte enkja etter Astrup, Engel Astrup, ut ei rekkje uferdige bilete, der mange var til sals. Utstillinga talde i alt 245 verk i Bergens Kunstforening, medan det vart gjort enkelte endringar i utstillinga ved Kunstforeningen i Kristiania (Oslo). Mellom anna vart Nasjonalgalleriet sine måleri berre viste i Bergen.
Utstillinga fekk omfattande omtale. I katalogteksten, og i foredrag og avisinnlegg, styrkjer kunsthistorikaren Einar Lexow ideen om den personlege naturkjensla i Astrups kunst. Den bergensbaserte kritikaren Per Korsvold framheva det karakteristiske og topografiske skiljet mellom «prestegårdsperioden» og «Sandalstrandperioden» i Astrup sine bilete. Kritikaren hevda at ei samanlikning mellom desse periodane viser variasjon og mangfald – og ei stilistisk vending. Kritikarane i Oslo, derimot, stilte seg negative til den såkalla Sandalstrand-perioden, som også vart omtalt som den «seine» perioden. Ujamn og svak er karakteristikkar som går att, og Jappe Nilssen i Dagbladet meinte at dei seine verka berre var «sørgelige rester av et oprinnelig stort og merkelig talent».
Samla sett fekk utstillinga høge besøkstal. Bergens Kunstforening førte opp 12 000 besøkjande i sin protokoll, medan Kunstforeningen i Kristiania rekna med rundt 2000 besøkjande kvar dag. Sigurd Willochs skildring gir eit stemningsbilete: «Astrup-utstillingen var en stor oplevelse for mange mennesker; det store antal besøkende forteller også om den interesse hans kunst blev omfattet med. Folk stod i kø i trappene for å komme seg inn og i salene besvimte damer i trengselen».
Referanser
L., T.. «Nikolai Astrup. Minnesjaaet i Kunstforeningen». Den 17de Mai, 1928–11–13.
Nilssen, Jappe. «Nicolai Astrups minneutstilling». Dagbladet, 1928–11–13.
Pigg. «Foran Astrup-utstillingens åpning». Aftenposten, 1928–11–09.
Pigg. «Den store Astrup-utstilling i Kunstforeningen». Oslo Aftenavis, 1928–11–09.
Strøm, Charles W.. «Nicolay Astrups minneutstilling i Kunstforeningen». Middagsavisen, 1928–11–15.