Sommernattsvind i slåttetiden
, 1902 - 1908
, 1902 - 1908
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel indikerer at motivet viser eit jordbrukslandskap med hesjer. Eit referanseverk i samband med dette motivet kan vere Sommernatt i slåttetiden (K71), som vart kjøpt av Edvard Waldemar Aslaksen (1868–1938) på Astrup si utstilling i 1911.
Måleriet «Sommernattsvind i slåttetiden» var utlånt av Gunbjør Lund (1880–1965) til Astrup si utstilling i Bergens kunstforening i 1908. Gunbjør Lund var gift med Henrik Lund (1879–1935), Astrup sin gode ven frå studietida ved Harriet Backer (1845–1932) sin målarskule i tida 1899 til 1901. Måleriet vart også lånt ut til Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i 1911, men denne gongen med Henrik Lund oppført som eigar. I Astrup si liste frå 1927 står Henrik Lund framleis oppført som eigar, men det er ikkje kjent når eller korleis Lund-paret overtok biletet. Historikken etter dette er også ukjent.
-1902-n.d.:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1908-1911-:
Gunbjør Lund
(1880-1965)
-1911-1911-:
Henrik Lund
(1879-1935)
Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.