Måneskinn i åkeren

undefined undefined undefined, 1902 - 1908

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at det viser eit landskap med måneskin over eit jorde.

Måleriet var til sals på Astrup si utstilling i Bergens kunstforening i 1908 for 50 kroner, men det vart ikkje selt, så kunstnaren tok det med seg tilbake til Jølster. I 1911 var måleriet på ny til sals, denne gong i Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo. Her kjøpte Ebbe C.M. Astrup (1876–1955) det for 200 kroner. I Astrup si liste frå 1927 er kona til Ebbe Astrup, Anna Edle Margrethe Astrup, f. Wedel-Jarlsberg (1880–1926), oppført som eigar, men ho døydde året før. Det er uavklart om verket har gått i arv i familien, men sett i lys av andre måleri i familiens eige er dette sannsynleg. Historikken etter 1911 er ukjent.  

-1908-1911:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

-1911-1926-:

Anna Edle Margrethe Wedel-Jarlsberg Astrup

(1880-1926)

1911-1927-:

Ebbe Carsten Morten Astrup

(1876-1955)

1908-5-3 - 1908-5-27

Nikolai Astrups Maleriutstilling

Bergen

16

Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.