Vårsol

Olje på lerret, 1902 - 1903

Ukjent eier

I Astrup si liste frå 1927 er dette måleriet oppført saman med eit anna bilete med same motiv, og som kunstnaren karakteriserer som ein studie. Her bar måleria titlane «Jölstersagn» og «Jölstersagn 2». Studien er identifisert som måleriet Varmen kommer i jorden (K38), og viser ei kvinne med topplue som ber ein tung kjele med glødande kol ved ei elv i ein bratt bakke. Himmelen ligg som ein smal kant øvst i biletet, noko som forsterkar det bratte preget i terrenget, medan dei bladlause trea og opne markene ymtar om vår. Kunstnaren reknar altså den ukjente versjonen, «Jölstersagn 2», for å vere det ferdige arbeidet.

Måleriet Astrup omtalar som «Jölstersagn 2», er truleg biletet «Vaarsol», som vart kjøpt av songarinna Hermine Marie Kopp (1862–1911) på Astrup si utstilling i 1905. Ifølgje Astrup skal ho ha selt det vidare til ein «Englender». I 1927 nemner kunstnaren til Magnhild Ødvin Bukdahl (1899–1988) at verket kan vere i Australia, men han er ikkje sikker:

«Originalen er forsvundet – blev kjöbt af en frk. Kopp, som solgte det til en udlænding, der skal være reist til Australien (?).» 

Teknisk informasjon

Proveniens

-1903-1905:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1905-1911-:

Kjøpt på utstilling av

Hermine Marie Kopp

(1862-1911)

-1911-1927-:

Kjøpt privat av

N. N.

Utstillingshistorie

Separatutstilling

1905-4-1 - 1905-4-30

Nikolai Astrup

Kristiania (Oslo)

Katalognummer [13]

Se utstilling

Gruppeutstilling

Kunstnerens notat

Navn på det? "Jölstersagn 2"; – tilhörte oprindelig en "cyclùs" sagn (herfra), som jeg arbeidede med. Dette var den vaarnatten, – da en kvinde bærer glör rùndt aker og eng og langs bækkene – saa varmen kom i vandet og i jorden

Astrup, Nikolai, Bukdahl, Magnhild Ødvin til Astrup, Nikolai, Bukdahl, Magnhild Ødvin, 1926. Nasjonalbiblioteket, Ms.fol.4775-346539. p. 5.

Bibliografi

C. W. Blomqvist Kunsthandel, til Astrup, Nikolai, 1905–04–27. Jø20, D.1.3.