Jølstersagn (2)

, 1902 - 1903

Ei kvinne med mørk kjole og topplue ber truleg ein tung kjele av glødande kol gjennom eit landskap. Ho kjem frå venstre og går mot ei elv, som renn mellom store og små steinar i ein bratt bakke. Formatet er dominert av naturlandskapet, og himmelen ligg som ein smal kant øvst i biletet. Dette forsterkar det bratte preget i bakken. Dei bladlause trea og markene som grønskar frå gult og brunt, tyder på at motivet syner eit vårlandskap.

I Astrups liste frå 1927 er dette maleriet oppført saman med eit anna bilete med same motiv, som Astrup karakteriserer som ein studie. Studien («Jölstersagn») er måleriet Varmen kommer i jorden (K38), som i dag er ein del av samlinga ved Lillehammer kunstmuseum. Kunstnaren reknar altså den ukjende versjonen for å vere det ferdige arbeidet.

I 1927 føreslår kunstnaren overfor Magnhild Bukdahl Ødvin at dette biletet, som han kallar «Jölstersagn 2», kan ha blitt selt til Australia:

«Originalen er forsvùndet – blev kjöbt af en frk. Kopp, som solgte det til en ùdlænding, der skal være reist til Australien (?).»

Sangerinna Hermine Marie Kopp (1862–1911) kjøpte det ukjende måleriet «Vaarsol» på Astrup si utstilling i 1905. Dette kan vere identisk med «Jölstersagn 2». Opplysninga om ein kjøpar som reiste til Australia har førebels ikkje støtte i andre kjelder. Seinare, i 1934, var måleriet truleg til sals på auksjon ved Wangs Kunst- og antikvitetshandel i Oslo med tittelen "Landskap" (katalognummer 52). 50 av om lag 200 bilete som var til sals høyrde til samlinga etter antikvitetshandlaren O. J. Schjerven (173-1834), men det er ikkje kjent om måleriet av Astrup var del av denne. 

-1903-1905:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1905-1911:

Hermine Marie Kopp

(1862-1911)

Exhibition_history

Separate_exhibition

1905-4-1 - 1905-4-30

Nikolai Astrup

Kristiania (Oslo)

[13]

See_exhibition

Group_exhibition

C. W. Blomqvist Kunsthandel, Kvittering (receipt). 1905–04–27, [upag].

C. W. Blomqvist Kunsthandel, Kvittering (receipt). 1905–04–27, [upag].