«De Unges Utstilling» var ei årleg mønstring hos Blomqvist i Kristiania (Oslo) frå 1890-åra (frå 1919 vart programmet overført til Kunstnerforbundet). Ifølgje ein kritikar var utstillinga «en vårlig fanfare», og det vart stilt store forventingar til kva ein kunne finne av «Spiredygtighed eller Rigdom paa Ideer». I 1902 vart 50 måleri og skulpturar utstilte – medan 87 vart refuserte. Blant utstillarane finn vi Cecilie Dahl, Otto Valstad, Severin Grande, Karl Løkke, Arnold Thornam og Astrup.

Dette året var kritikarane samde om at utstillinga i liten grad bydde på «store kunstneriske Overraskelser». Utstillinga var for jamn – kunstnarane var for like, og det mangla originalitet og sjølvstende. Astrup, som berre stilte ut eitt verk, Kjøsnesstova, var ein av få kunstnarar som vart løfta fram i pressa, om enn med ei laber interesse: «Astrups 'Röikstove' er ikke videre interessant, men godt opfattet».