Innhald og navigering

ARKIVET

Det digitale arkivet inneheld brev og manuskript skrivne av eller til Nikolai Astrup. Kategorien brev omfattar fullstendige brev, brevutkast, brevfragment, postkort og konvoluttar. Dette er i hovudsak brev skrivne av Astrup, men arkivet inneheld også brev til kunstnaren, eller korrespondansar mellom andre personar der innhaldet i brevet er relevant for Astrup og kunsten hans. Manuskripta er forfatta av Nikolai Astrup og omfattar fullstendige manuskript, manuskript med teikning, manuskriptfragment og notatbøker.

Materialet er samla, transkribert og omsett i samband med utarbeidinga av ein resonnerande katalog over Astrup sin kunst. Arkivet inneheld materiale frå ulike private og offentlege samlingar. Den engelske utgåva er utført i samarbeid mellom omsettar Francesca M. Nichols og Nikolai Astrup forskingssenter.

Det digitale arkivet vart publisert hausten 2021 og vert laupande oppdatert ved nye funn.

AVANSERT SØK

Søk i arkivet kan utførast med bruk av alle ord søkefeltet. Søket kan avgrensast med dato eller ved val av følgjande typar: Postkort; Brev; Brevutkast; Brevfragment; Konvolutt; Manuskript; Manuskript med teikning; Manuskriptfragment; Notatbok.

Resultata vert lista til høgre, og kan sorterast alfabetisk (A til Å, eller Å til A) eller kronologisk, med dei eldste eller dei nyaste dokumenta først (piler).

LESEVISNING

Lesevisninga inneheld kjelde for originaldokument, kreditering av transkripsjon og omsetting, og sidetal. Vidare kan ein veksle mellom transkripsjon og engelsk omsetting der desse er tilgjengelege. Faksimilen av dokumentet visast til høgre.

Kjelde

For brev inneheld lesevisninga full referanse med forfattar og mottakar av brevet, dato, arkivnummer og eigar av dokumentet.

For manuskript inneheld lesevisninga full referanse med forfattar, tittel, dato, arkivnummer og eigar av dokumentet. Om tittelen er ukjent eller uavklart, er dokumentets fem første ord brukt som tittel.

Eigarane omfattar Nasjonalbiblioteket, Universitetsbiblioteket i Bergen, Folkebiblioteket i Sunnfjord, Astruptunet, Kode eller private samlingar. Private eigarar er anonymisert. Understreking viser at originaldokumentet er digitalisert og tilgjengeleg hos eigarinstitusjon (dette er såleis ein aktiv link som gjev direkte tilgang til opphavleg plassering i digitale arkiv).

Transkripsjon

Transkripsjonen forsøker å spegle originalteksten i størst mogleg grad. Det inneberer at teksten fylgjer språket, ortografien og teiknsettinga i Astrup sine skrifter så langt som råd, for å halde på den autentiske atmosfæren i Astrups brev og notat.

Språk

Tekstane til Astrup ligg i stor grad nær det danske skriftspråket. Dette har samanheng med familiebakgrunn og utdanninga ved katedralskulen i Trondheim (1895–97). Astrup var språkkyndig og skreiv både riksmål og landsmål, sistnemnte var ofte farga av dialekt. Kunstnaren bytta gjerne språkmål etter mottakaren. Språkleg ber tekstane preg av samtidas dreiing mot eit skriftmål basert på tale, men òg av den gamle tradisjonen, som favoriserte det danske skriftspråket.

Sympatisk lesing

Sympatisk lesing er ein sentral metode i transkripsjonsarbeidet med Astrups brev og notat. Dette inneberer ei tolking og forståing av ordet i samanheng med resten av innhaldet i teksten, der heilskapen står i fokus. Astrup si tydelege handskrift og ryddige tekstar er ofte lette å transkribere. Det er likevel nokre ord og parti som er vanskeleg å tyde, særleg i Astrup sine personlege notat og brevutkast.

Teiknsetjing og formattering

Astrups handskriftnormal
Uleseleg tekst: sløyfeparentes (èin ellipse per ord){…}
Tolking av uklar tekst: vinkelparentes<slid>
Hjelpeord: klammer[han]
Uvanleg plassering av tekst: kursivvertikal tekst

Annotering

Transkripsjonane og omsettingane er merka med kunstverk, utstillingar, personar og institusjonar der dette er kjent. Tekst som er annotert er utheva og fargelagt i transkripsjonen/omsettinga.

Ved å halde musepeikaren over den annoterte teksten, får ein tilgang til bilete eller anna informasjon. Annotasjonen er også ein aktiv link som fører til sida for kunstverket, personen, institusjonen eller utstillinga, og som inneheld meir informasjon om nemnte.

Omsetting

Dei engelske omsettingane fylgjer språket, ortografien og teiknsettinga i Astrups skrifter så langt som råd, for å halde på den autentiske atmosfæren i Astrups brev og notat. Dette krev ei vitskapleg omsetting, i tråd med engelsk standard. Det er likevel viktig at det engelske språket skal vere godt og forståeleg for ein engelsk lesar, noko som krev sporadiske justeringar eller, ved sjeldnare tilfelle, hjelpeord i klammer. Særnorske og lokale uttrykk og særnamn har vi latt stå, med forklaringar i kommentarfelt om ein held musepeikaren over.

Alle dokumenta i det digitale arkivet er omsett av Francesca Nichols, med unntak av notatbøkene Blandede motiver, som er omsett av Arlyne Moi.

Faksimile

Faksimilen visast til høgre med zoom-funksjon. Med pilene til høgre og til venstre kan ein bla gjennom dokumentet.

COPYRIGHT

Fleire av bileta i arkivet er beskytta av copyright og kan ikkje publiserast utan førehandssamtykke frå arkiveigar.

Bruk av arkivmaterialet skal kreditere arkiveigaren. Desse er oppgitt i referansen.

Omsettingane er beskytta av copyright. All bruk av omsettingane som vert presentert i det digitale arkivet skal krediterast omsettaren. Sjå avsnittet «Omsetting».

Explore Astrup's art and life

alt

Astruptunet: The Farm Garden

On a steep terraced hill rising above the south bank of the Jølstravatnet lake rests a cluster ..."

Explore theme
Sepia photograph of a man and a woman, Nikolai and Engel Astrup.

Timeline

A chronology of important events, places and people in Astrup’s life.

Go to timeline
alt

Birthday in the Parsonage Garden

A warm evening light is filtered through the leaf crown and creates a calm atmosphere between t..."

See Artwork