Rogn og spirende ospetre
undefined undefined undefined, 1908 - 1911
undefined undefined undefined, 1908 - 1911
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at biletet viser eit vårleg landskap med spirande tre.
Måleriet «Rogn og spirende ospetræ» var til sals på Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i 1911 og vart kjøpt av «Schnitler» for 150 kroner. Det er ikkje kjent kven denne Schnitler var. Det kan vere kunsthistorikaren Carl Wille Schnitler (1879–1926), som Astrup korresponderte med, men det kan også vere Didrik Thomas Johannes Schnitler (1871–1915), svogeren til Astrups gode ven Henrik Lund (1879–1935). Historikken etter 1911 er såleis ukjent.
-1911:
Nikolai Astrup
(1880-1928)