Sommernatt ved Jølsters gamle og nye prestegård

, 1904 - 1908

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at motivet viser ei sommarstemning ved prestegardstunet på Ålhus i Jølster.

Verket var til sals på Astrup si utstilling i Bergens kunstforening i 1908 for 50 kroner. Det vart ikkje selt, men protokollen viser at det vart sendt til Ole Johannessen (1858–1948) i Bergen. Johannessen var gift med Hanna Lodtz (1862–1948), som var kusine av Astrup si mor, Petra Constanse Astrup, f. Lodtz (1860–1930). I samband med utstillinga vart fleire bilete sende til Johannessen for oppbevaring.

I Astrup si liste frå 1927 er verket omtalt slik: «kul tegning, som var ganske god, men som ved et uheld havde faaet en rift i et hjörne». Dette kan tyde på at biletet er eit papirverk, sjølv om det var utstilt i «Nikolai Astrups Maleriutstilling» i 1908. Dette er i så fall eit unntak frå verkslista, som utover dette biletet bestod av måleri.

Astrup fører opp verket som nummer 31 i lista frå 1927. Han skriv at det vart kjøpt av Isabella Høst (1870–1937), og at ho gav det vidare til ein ven, men kunstnar nemner verken namn eller årstal for dette. Utover dette er historikken ukjent. Det finst heller ingen informasjon om mål eller signatur i kjeldene. 

-1904-1908-:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1908-1908-:

Ole Johannessen

(1857-1948)

-1908-n.d.:

Isabella Høst

(1870-1937)

1908-5-3 - 1908-5-27

Nikolai Astrups Maleriutstilling

Bergen

31

Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.