Vårstemning ved Jølstravatnet
, 1899 - 1908, [570] x [550] mm
, 1899 - 1908, [570] x [550] mm
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at motivet viser ei vårstemning ved Jølstravatnet.
Måleriet var til sals på Astrup si utstilling i Bergens kunstforening i 1908 for 80 kroner. Det vart ikkje selt, men protokollen viser at det vart sendt til Ole Johannessen (1858–1948) i Bergen. Johannessen var gift med Hanna Lodtz (1862–1948), som var kusine av Astrup si mor, Petra Constanse Astrup, f. Lodtz (1860–1930). I samband med utstillinga vart fleire bilete sende til Johannessen for oppbevaring.
I 1927 fører Astrup opp skipsreiaren Thorvald Halvorsen (1879–1950) som eigar, og året etter låner Halvorsen ut biletet til minneutstillingane i Bergen og Oslo. Etter dette er historikken ukjent.
Av dei fire måleria som Halvorsen eigde, er berre eitt lokalisert per i dag. Ifølgje Astrup hadde Halvorsen ei stor kunstsamling i Bergen som han sjeldan viste fram for offentlegheita.
I lista frå 1927 fører Astrup opp ein alternativ tittel, «Vaar og oldertrær ved Jölstervandet», noko som set biletet i relasjon til Marsstemning ved Jølstervannet (K52). I 1985 identifiserte Øystein Loge «Vårstemning ved Jølstravatnet» som K52, men dette er ei feilaktig kopling. Måla stemmer ikkje overeins, og begge måleria var utstilt i 1908, høvesvis nr. 26 og 41. Begge verka har dessutan unike oppføringar i Astrup si liste. Men det er rimeleg å tru at den ukjente har same motiv som Marsstemning ved Jølstervannet.
n.d.-1908-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
1908-1908-:
Ole Johannessen
(1857-1948)
-1927-1928-:
Thorvald Halvorsen
(1879-1950)
Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.
, 1899 - 1908, [570] x [550] mm
n.d.-1908-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
1908-1908-:
Ole Johannessen
(1857-1948)
-1927-1928-:
Thorvald Halvorsen
(1879-1950)
Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.