Vårkveld og regnbue
undefined undefined undefined, 1905 - 1908, [540] x [460] mm
undefined undefined undefined, 1905 - 1908, [540] x [460] mm
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet. Tittelen indikerer at måleriet viser eit landskapsmotiv i kveldsstemning med regnboge.
Måleriet vart vist på Astrup si separate utstilling hos Bergens kunstforening i 1908. Måleriet var ikkje til sals og vart returnert til Astrup i Jølster etter utstillinga. Tre år seinare var det med i Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo. Her står Joachim Grieg (1849–1932), som var konsul i Bergen, oppført som eigar. Grieg er også oppført som eigar i Astrup si liste frå 1927. Etter dette er historikken til verket ukjent.
I førebuingane til utstillinga i 1908 bestilte Astrup rammer til fleire verk, også til «Vårkveld og regnbue», der han fører opp måla «54 x 46 cm». Det er ikkje kjent kva som er høgde og breidde, men med utgangspunkt i at motivet viser ein vårkveld med regnboge, kan dette vere Prestegårdshagen (K103). Måleriet viser ein regnboge over eit vårleg landskap, det er 44,7 cm høgt og 53 cm breitt og har ein ukjent proveniens før 1980. Sidan det verken finst skildringar eller fotografi som kan støtte opp om dette, så er «Vårkveld og regnbue» førebels oppført som eit ukjent måleri.
-1905-1908-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1911-1927-:
Joachim Grieg
(1849-1932)
Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.
undefined undefined undefined, 1905 - 1908, [540] x [460] mm
-1905-1908-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1911-1927-:
Joachim Grieg
(1849-1932)
Bergens kunstforening. Katalog over Nikolai Astrups Maleriutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1908.