I 1906 vart «Den norske udstilling» vist på Charlottenborg i København. Charlottenborg, ein utstillingsbygning som vart reist i 1883 i tilknyting til Kunstakademiet, var rekna som ein sentral visningsstad i den danske hovudstaden, og husa mellom anna den årlege vårutstillinga i Danmark. Dette var den første mønstringa av norsk kunst i utlandet etter unionsoppløysinga året før.

Dei utvalde kunstnarane i den norske utstillinga vart omtalte som Gruppe 1, og i eit brev forklarer Astrup at «det var da en stor ære at blive valgt ind i 'gruppe 1', som dengang talte henimod 30 af vore bedste kunstnere». Formannen for utstillinga, kunstnaren Erik Werenskiold, hadde til saman valt ut 31 kunstnarar, som representerte den norske samtidskunsten med 343 måleri. Fleire av dei, til dømes Harriet Backer, Halfdan Egedius, Theodor Kittelsen, Christian Krohg, Eilif Peterssen, Fritz Thaulow og Gustav Vigeland, står framleis sentralt i norsk kunsthistorie. Astrup, som var den yngste av utstillarane, deltok med ni landskapsmåleri og eit portrett.

Utstillinga fekk hard kritikk i dei danske avisene. Gjennomgangstonen var at kunsten var for internasjonal – kunstnarane hadde ikkje greidd å samle seg kring eit felles norsk uttrykk. Det vart mellom anna peikt på at Noreg var ein ung stat og heller ikkje hadde eit kunstakademi, som var ein viktig føresetnad for eit nasjonalt uttrykk. Utstillinga, for å bruke kritikaren Frances Becket sine ord, «indeholder en Hoben Billeder, der aldeles ikke egner sig for Export». Dette reagerte Andreas Aubert, den mest sentrale kunsthistorikaren i Noreg, kraftig på. Året etter heldt han to forelesingar – med lysbilete – ved Universitetet i København, for å setje lys på forteljinga om «den norske kunstens kår og kamp».

Det var likevel to kunstnarar som utmerkte seg i den danske kunstkritikken: Harald Sohlberg og Nikolai Astrup. Ein av kritikarane skreiv mellom anna at kunsten deira er «dog slaaende ind paa andre Veie, og af den yngste norske Kunst er det vistnok deres Billeder, som særlig kommer til at gjøre lykke». Den norske kunstnaren Fritz Thaulow skreiv dessutan direkte til Astrup for å fortelje at «[j]eg holder Dem og Sohlberg for de betydligste af vore unge».

Referanser

Angelico. «Den norske udstilling, Overblik». Politiken, 1906–09–30.

Becket, Francis. «Den norske Kunst-Udstilling». Tilskueren, (1906): 853–866.

Goldscmidt, Ernst. «Den norske Udstilling». Politiken, 1906–10–07.

Lübecker, Pierre. «To stærke temperamenter». Politiken, 1906–06–12.

Thaulow, Fritz, til Astrup, Nikolai, 1906–10–23. Jø20, B.2.1.