«De Unges Utstilling» var ei årleg mønstring hos Blomqvist i Kristiania (Oslo) frå 1890-åra (frå 1919 vart programmet overført til Kunstnerforbundet). Utstillinga var «en vårlig fanfare», ifølgje ein av kritikarane, og det vart stilt store forventingar til kva dei unge kunstnarane kunne overraske med. Blant utstillarane dette året finn vi Hans Ødegaard, Severin Grande, Michaloff Wigdehl, Thorstein Thorsteinson og Henrik Lund, i tillegg til Astrup. Fleire av desse kunstnarane var elevar ved Harriet Backer sin målarskule i Oslo.

Dette året vart utstillinga kritisert for å halde tilbake dei aller yngste. Juryeringa hadde vore for streng, meinte kritikarane, og utstillinga mangla såleis «Iver, Lyst og Talent» som berre dei unge kunne representere. «Hvor bliver saa det himmelstormende af, og hvor er det udfordrende», spurde ein annan kritikar. Juryen møtte kritikken med ei supplerande andreopphenging.