«Den norske kunstudstilling» på Charlottenborg i København i 1915 var ei viktig mønstring av norsk kunst i utlandet. Charlottenborg, ein utstillingsbygning som vart reist i 1883 i tilknyting til Kunstakademiet, var rekna som ein sentral visningsstad i den danske hovudstaden og husa mellom anna den årlege vårutstillinga i Danmark.

Komiteen, som stod for utval og opphenging, var leidd av professor Halfdan Strøm og kunstnaren Thorvald Erichsen, med assistanse frå kunstmålarane Bernhard Folkestad og Henrik Sørensen, bilethoggaren Jo Visdal og museumsdirektør Jens Thiis. Utvalet bestod av omlag 250 måleri, 150 papirverk og 21 statuar. Ifølgje Strøm var utstillinga «den bedste utstilling af norsk kunst, vi har sendt ud af landet».

Utstillinga vart opna med brask og bram. Den danske kongefamilien var rikt representert, og den livlege norske konsulen, Christen Sandberg, førte an opningsfesten med innkjøp og dans. Ifølgje kritikaren Jappe Nilssen vart han sjølv riven med på opningsdagen: «Sukcesen var ubestridelig […] de norske farver hadde enda engang lov til at svulme av patriotisk stolthet». Seinare nyanserte han denne oppfatninga. Mellom anna meinte Nilssen at opphenginga øydela totalverknaden for fleire av kunstnarskapane. Han trekkjer til dømes fram monteringa av Christian Krohg og Fritz Thaulow: Verka var i liten grad representative og var i tillegg spreidde rundt i lokalet.

Plakaten vart utforma av Edvard Munch, som var tungt representert på utstillinga. Astrup var representert med seks måleri, der fire av kunstverka var utlånte frå Rasmus Meyers samlinger.