«Jubileumsutstillingen» på Frogner i 1914 markerte grunnlovsjubileet i Noreg (1814–1914). Med førebilete i verdsutstillingane tok utstillinga sikte på å vise breidda av den nasjonale eigenarten. Dei ulike utstillingane spente frå kunst til kunstindustri, frå skogsdrift til margarinproduksjon, frå livet til norsk-amerikanarane til den samiske kulturen, og frå bygd til by.

Rådet for «Kunstavdelingen» var sett saman av kunstnarane Søren Onsager, Eilif Peterssen, Henrik Lund og Harriet Backer, med Christian Krohg som formann. Kunsthallen, på 2100 m2, hadde overlys som var dempa av eit tynt lerret, veggene var farga i ein lun gråfarge, medan golva var dekte med grågrøne teppe. Hallen var delt inn i seks avdelingar: dei retrospektive og moderne avdelingane, og avdelingane for skulptur, grafisk kunst, arkitektur og dekorativ og anvend kunst. Parallelt med den offisielle kunstavdelinga stilte dei to grupperingane Lysakerkretsen og Matisse-elevane med ein felles paviljong: «De 14».

Astrup var representert med tre måleri (fire i andre montering) i «De yngres sal» i den moderne måleriavdelinga. Første montering viste Astrup saman med landskapsmålaren Harald Sohlberg, medan bileta hans i andre montering var plasserte mellom dei italienske bylandskapa til Anders Svarstad og fleire akter av Søren Onsager. Basert på første montering skriv kritikaren Jappe Nilssen om Astrups kunstverk, som han meiner er dei mest representative for kunstnarskapen: «[...] frodige og sterke, ypperlige i sin kolorit. De giver den saftige vestlandsnatur bedre end andet. Paa et felt er han suveræn. Han kjender landskabets valører og dets stemning».

Referanser

Nilssen, Jappe. «Kunsten paa jubilæumsudstillingen. Fra de unges sal.». Aftenposten, 1914–05–10.