Utstillinga «Norsk kunst» ved Künstlerbund Hagen (etablert 1900) i Wien var kuratert av den norske museumsdirektøren Jens Thiis. Utstillinga inneheldt 235 kunstverk av 41 kunstnarar, i tillegg til eit utval grafiske trykk av Edvard Munch. I eit lesarbrev i Morgenbladet skildrar Thiis dei sterke reaksjonane utstillinga fekk i Wien. Den norske kunsten vart sedd på som svært moderne og ville ifølgje direktøren ved Staatsgalerie im Belvedere, Friedrich Dörnhöffer, setje varige spor i Wiens kunstliv.

Utstillinga vekte likevel diskusjonar. Avisa Neue Freie Presse fremja eit konservativt syn og meinte at utstillinga av «mangt og meget» var uforståeleg. Avisa Wiener Allgemeine Zeitung hevda derimot at den norske kusten måtte forståast som ein «energisk Sammenfatning av et karakteristisk Tidspunkt i en national Kunstutvikling». Kritikaren her set dessutan det nasjonale særpreget til sides: Kunstuttrykket måtte sjåast som ein tendens – «den merkelige likhet» – i europeisk kunstutvikling. Dette uttrykket hadde sitt utspring i kunsten til Paul Cézanne, Vincent van Gogh og Paul Gauguin, men utvikla seg fritt og karakteristisk i mellom anna den norske kunsten.

Fredrich Pollack i avisa Der Morgen skriv om Astrup: «Astrup, en Slags japaniserende Jan Peissler, interesserer sig for at Atmosfæren over de haarde nordiske Landskaper, særlig bør hans spøkelsesaktige 'Berg' (Kollen, K53) fremhæves.»

Referanser

Künstlerbund Hagen. Norwegische Künstler. Wien: Hagenbund, 1912.