Den norske utstilling
«Den norske utstilling» i Helsingfors i 1911 var kuratert av Jens Thiis, som på den tida var direktør for Nasjonalgalleriet i Oslo. Av dei 43 norske kunstnarane var Edvard Munch særleg sterkt representert, med 15 måleri. I tillegg inneheldt utstillinga verk av andre samtidskunstnarar, mellom dei Henrik Lund, Harriet Backer, Signe Scheel, Henrik Sørensen, Arne Kavli og Nikolai Astrup. Thiis heldt dessutan ein serie foredrag om utviklinga av den norske kunsten.
Utstillinga vart møtt med stor entusiasme i finsk presse. Avisa Hufvudstadsbladet omtalte mellom anna den norske kunsten som livsfrisk, trassig og sjølvstendig – og at utstillinga såleis var kraftfull. Astrup var ein av fleire som fekk rosande omtale av kritikarane.
Referanser
Atenæum. Den norske utstilling. Helsingfors: Athenæum, 1911.