Barn med rabarbra

undefined undefined undefined, 1915 - 1915, [890] x [1070] mm

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men tittelen indikerer at biletet er eit av Astrup sine hagemotiv, med ein bognande rabarbra og eit eller fleire barn. Av referanseverk kan nemnast to måleri med tittelen Rabarbra (K110 og K148), men her er det ei kvinne ved rabarbraen i tillegg til barna.

Denne ukjente versjonen vart lånt ut til Astrup-utstillinga i København i 1965. Eigaren som er oppført i utstillingskatalogen, er skipsreiaren Hilmar Reksten (1897–1980). På 1970-talet hadde Reksten den største Astrup-samlinga i Noreg, men verket er ikkje ført opp i katalogen over Reksten si samling (1972). Historikken til verket er såleis ukjent før og etter 1965.

I 1965 var «Barn med rabarbra» oppført med måla 89 x 107 cm – dei same måla som Rabarbra (K148). Proveniensen til Rabarbra er vel å merke samanhengande frå 1921 og fram til 1984, men feil eigar kan vere oppført i katalogen. Reksten lånte fleire måeri til København, medan eigaren av Rabarbra ikkje står på lånelista. Rabarbra har heller ikkje stempel frå 1965-utstillinga på baksida, noko som talar imot at dette er same verk.  Måleriet kan også ha motiv frå Sandalstrand, der Astrup måla fleire versjonar av ei jente ved ein rabarbra, men i så fall er dateringa frå 1965 – «ca. 1916» – satt omlag 10 år for tidleg. Det er difor høgst uklart om til dømes den ukjente «Rabarbra og småpike på Sandalstrand» (U088) er dette verket.

Inntil vidare dokumentasjon kan avklare kva verk dette er, så er «Barn med rabarbra» oppført som ukjent. 

-1916-1916-:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

-1965-1965-:

Hilmar August Reksten

(1897-1980)

1965-12-1 - 1965-12-19

Nikolai Astrup

København

23

Kunstforeningen i København. Nikolai Astrup 1880–1928. København: Kunstforeningen i København, 1965.

Barn med rabarbra

undefined undefined undefined, 1915 - 1915, [890] x [1070] mm

: 2023-03-05

-1916-1916-:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

-1965-1965-:

Hilmar August Reksten

(1897-1980)

1965-12-1 - 1965-12-19

Nikolai Astrup

København

23

Kunstforeningen i København. Nikolai Astrup 1880–1928. København: Kunstforeningen i København, 1965.