Vindu med kyr
undefined undefined undefined, 1902 - 1911
undefined undefined undefined, 1902 - 1911
Ein vindaugskarm med lyse gardiner og blomar i terrakottapotter rammar inn eit landskap. Mellom dei tre potteplantene, som ber raude og kvite blomar, ser vi to kyr som går og beiter på ei grøn eng utanfor. Silhuettane av kyrne og fleire tre teiknar seg mot ein lys innsjø, og ei gul bjørk vitnar om at hausten er i emning. Fjella i det fjerne er brunlege, og fjelltoppane er innhylla skyer.
«Vindu med kyr» var eigd av Henrik Lund (1879–1935) og utstilt i Astrup si separate utstilling i Kunstnerforbundet i Kristiania (Oslo) i 1911. Lund lånte det også ut til den store verdsutstillinga i San Francisco i 1915, under tittelen «Window Flowers».
Astrup si liste frå 1927 nemner fleire titlar: «Vindu med kjör», «Kjörene udenfor vinduet» og «Naivisme» og dessutan inntrykket «barnestemning». Dette peiker mot at Astrup kan ha vore inspirert av Henri Rousseau (1844–1910) då han utforma biletet, og at motivet eller stemninga kan vere basert på eit minne frå barneåra.
Ifølgje kunstnaren er dette er det einaste biletet frå «en bestemt periode». Eit par andre bilete, som Astrup truleg oppbevarte i Moritz Kaland (1869–1947) sitt atelier i Bergen, gjekk nemleg tapt i den store bybrannen i 1916. Fotografiet som er bevart av «Vindu med kyr», ligg laust i Øystein Loge sitt arkiv. Det er ikkje kjent når fotografiet vart teke, ei heller kven som gjorde Loge merksam på måleriet, men det var i alle fall etter publiseringa av Gartneren under regnbuen (1986). Historikken etter utstillingane i 1911 og 1915 er såleis ukjent.
-1902-1911-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1911-1927-:
Henrik Lund
(1879-1935)
San Francisco Art Association. Illustrated catalogue of the post-exposition exhibition in the Department of Fine Arts. San Francisco: Panama-Pacific International Exposition, [1916].
undefined undefined undefined, 1902 - 1911
undefined: Loge / Privat
-1902-1911-:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
-1911-1927-:
Henrik Lund
(1879-1935)
San Francisco Art Association. Illustrated catalogue of the post-exposition exhibition in the Department of Fine Arts. San Francisco: Panama-Pacific International Exposition, [1916].