Den første høstdag

undefined undefined undefined, 1908 - 1911

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel indikerer at det har eit haustleg landskapsmotiv.

Måleriet «Den første høstdag» var til sals på Astrup si utstilling i Kunstnerforbundet i 1911, og vart kjøpt av Carl Konow Angell Petersen (1865–1923) for 500 kroner. Dette er same pris som Conrad Mohr (1849–1926) betalte for måleriet I havestuedøren (K202) i same utstilling. I havestuedøren måler 87 x 110 cm, og det er rimeleg å tru at «Den første høstdag» kan vere av tilsvarande format og utføring.

Angell Petersen var direktør for tekstilfabrikken Joh. Petersen A/S i Kristiania (Oslo). Angell Petersen og kona Sofie Margrethe Angell Petersen (1871–1923) døydde begge i 1923. Gjennom eit felles testament oppretta dei eit legat og gav i tillegg store summar til barneheimar og foreiningar. Dei var barnlause, men hadde eit pleiebarn, Gudlov Sofie Bredal (1885–1937). Det er ikkje kjent om måleriet gjekk i arv eller vart selt, og historikken etter 1911 er såleis ukjent. 

-1908-1911:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1911-1923-:

Carl Konow Angell Petersen

(1865-1923)

1911-1-22 - 1911-2-12

Nikolai Astrup

Kristiania (Oslo)

2

Den første høstdag

undefined undefined undefined, 1908 - 1911

: 2023-03-07

-1908-1911:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1911-1923-:

Carl Konow Angell Petersen

(1865-1923)

1911-1-22 - 1911-2-12

Nikolai Astrup

Kristiania (Oslo)

2