Rhubarb and Young Girl at Sandalstrand

Olje på lerret, 1924 - 1927

Ukjent eier

Eit svartkvitt foto av måleriet «Rabarbra og småpike på Sandalstrand» vart vist i avisa Morgenbladet 10.11.1928. Motivet er frå garden til Astrup, Sandalstrand i Jølster, og viser eit utsnitt mot vest med hagen og gardshusa i tunet. I forgrunnen til venstre står ei jente ved sida av ein prektig rabarbra i blom. Jenta held akkurat på å kneppe av blomen.

Biletteksten seier følgjande: «Det er ikke med paa den utstilling som skal holdes i Kunstforeningen.» Utstillinga som er nemnt, er minneutstillingane i Bergen og Oslo same år.

Motivet har påfallande mange likskapspunkt med måleriet Rabarbra og småpike på Sandalstrand (K165), men små forskjellar i motivet taler for at dette er to ulike måleri. Alternativt kan fotografiet vise eit stadium i måleriet si utvikling. Forfattaren av avisartikkelen, Halvor Vreim (1894–1966), kan til dømes ha fotografert ein uferdig versjon av måleriet Rabarbra og småpike på Sandalstrand på ei av reisene til Jølster i slutten av 1920-åra. Vreim arbeida på den tida for Norsk Folkemuseum og var fleire gonger i Sunnfjord for å kartleggje kulturminne.

Her må det likevel leggjast til at Astrup på denne tida utforska motiv av same tema gjennom fleire ulike versjonar. Dette motivet finst til dømes både med og utan jenta ved rabarbra, og i ein motivserie frå eit anna utsiktspunkt i tunet – som også viser ei jente ved ein rabarbra, i tillegg til ei gås, finst det minst fire ulike versjonar. Det er dessutan vanskeleg å fastsetje fargenyansane i svart-kvitt-fotografiet i relasjon til Rabarbra og småpike på Sandalstrand. På bakgrunn av desse uavklarte faktorane vert dette rekna som eit ukjent verk av kunstnaren.  

Teknisk informasjon

Proveniens

-1924-n.d.:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)

Rhubarb and Young Girl at Sandalstrand

Olje på lerret, 1924 - 1927

Ukjent eier

Sist oppdatert: 2024-01-26
27389

Foto: Morgenbladet, 1928-11-10

27390

Foto: Morgenbladet, 1928-11-10

Teknisk informasjon

Proveniens

-1924-n.d.:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)