Landskap

Olje på lerret, 1899 - 1928, [410] x [650] mm

Ukjent eier

Det finst ingen fotografi av dette måleriet, men kunsthistorikaren Leif Østby (1906–1988) skildrar måleriet slik i avisa Aftenposten (18.02.1936): «I det lille landskap av Astrup møter vi på ny denne tyngde, det saftige vestlands-grønne er uttrettelig variert over hele skalaen, fra de hvitgrønne sneflekker ned i det dypeste sortgrønne i åssidene.»

Skildringa er ein del av kritikken Østby skreiv i samband med utstillinga «Mitt kjæreste billede» i Oslo Kunstforening. Måleriet var utlånt av lege (Harald) Ulrik Sverdrup (1890–1976) i Oslo. Det er ingen kjente relasjonar mellom Sverdrup- og Astrup-familien, og det er ukjent når og korleis Sverdrup overtok eigarskapet til dette måleriet. Familien fortel at han hadde ei kunstsamling, men at dei ikkje veit om Astrup var del av denne samlinga.

Utstillingskatalogen frå 1936 opplyser at formatet er 41 x 65 cm. Dette kan peike mot Lodden natt (K45), som har måla 41,5 x 65 cm, og som har ein uavklart proveniens frå 1928 og fram til det vart selt under den andre verdskrigen. Baksida av Lodden natt inneheld ingen informasjon som viser til Sverdrup eller utstillinga i 1936, og det er såleis ikkje mogleg å stadfeste at dette er same verk. Skildringa til Østby gjev heller ingen konkrete haldepunkt som kan støtte dette, og historikken før og etter 1936 er såleis ukjent.  

Teknisk informasjon

Proveniens

-1899-n.d.:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)

-1936-1936-:

Ukjent tilegnelsesmåte

Ulrik Sverdrup

(1890-1976)

Utstillingshistorie

Separatutstilling

Gruppeutstilling

1936-2-12 - 1936-2-23

«Mitt kjæreste billede»

Oslo

Katalognummer 77

Se utstilling

Bibliografi

Kunstforeningen i Oslo. Mitt kjæreste billede. Oslo: Kunstforeningen i Oslo, 1936.