Studie til "Jonsoknatt"

Olje på lerret, 1903 - 1906

Ukjent eier

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at denne studien høyrer til Jonsokbål-serien.

Denne ukjente versjonen har opphav i Astrup si liste frå 1927 og er ført opp som ein studie til «Jonsoknat» (K55). «Originalbiletet» var eigd av Henrik Lund (1879–1935) og var utstilt for første gong i 1908. Studien kjenner derimot Astrup ikkje eigaren av, då han skriv «ukjendt» i lista frå 1927. Det finnes også ein annan studie, «Priseldesteinen» (U042), som viser det same landskapsutsnittet. Dette biletet var eigd av Astrup sjølv fram til han døde 1928.

Denne ukjente studien kan vere det same måleriet som Astrup omtalar som «Studie til ‘Jonsoknat’» i eit brev til Sigurd og Isabella Høst i 1909. Verket  er her oppført i ei liste over potensielle bilete til ei utstilling. Astrup skriv ikkje kven eigaren er, men opplyser at måleriet er «i Kristiania» (Oslo).

Denne ukjente studien kan også vere det same som «Skisse til ‘St.Hansbål’» (U078), og som var eigd av Kitty Kamstrup (1862–1953) i 1952. Astrup kjente Kamstrup frå etableringa av Kunstnerforbundet i 1910, der ho var ein sentral administrator. Det er rimeleg å tru at Astrup ville ført opp Kamstrup i lista si dersom han visste at ho eigde «Studie til ‘Jonsokbål’» i 1927. Kamstrup sin studie har på si side ukjent historikk før og etter at han var utstilt i 1952, og det finst heller ingen skildringar eller fotografi av denne versjonen som fell saman med komposisjonen og motivutsnittet som er kjent frå dei to andre versjonane, i Jonsokbål (K55) og «Priseldesteinen» (U042).

Studien som er omtalt her har såleis ukjent historikk før og etter Astrup si oppføring i 1927. 

Teknisk informasjon

Proveniens

-1903-1906-:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)