Studie i olje

Ukjent teknikk, 1899 - 1928

Ukjent eier

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av denne studien.

Då Astrup døydde i 1928, gjekk biletet i arv til kona, Engel Astrup (1892–1966). Fleire av studiearbeida vart tekne med i minneutstillingane i Bergen og Oslo på oppfordring frå kunstnaren og teoretikaren Else Christie Kielland (1903–1993). Christie Kielland besøkte Engel Astrup på Sandalstrand sommaren 1928 og vart overvelda av det ho omtalar som ein skatt av bilete. Ved å inkludere desse ville utstillinga verte «stor og god og fyldig», og i tillegg ville kunstnarskapet stå fram «rikere og merkeligere», skriv ho til Simon Thorbjørnsen (1879–1951) ved kunstforeininga i Oslo.

På minneutstillingane i 1928 vart fleire av desse studiearbeida inkluderte. Ei rekkje av dei var til sals, men ikkje denne studien. Historikken etter 1928 er såleis ukjent. Studien kan vere ei av oljeskissene Nasjonalgalleriet kjøpte av Engel Astrup i 1949. 

Teknisk informasjon

Proveniens

-1928:

Kunstner

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1928-1928-:

Arvet av

Engel Astrup

(1892-1966)

Utstillingshistorie

Separatutstilling

1928-10-10 - 1928-11-4

Nikolai Astrup. Mindeutstilling

Bergen

Katalognummer 236

Se utstilling

1928-11-11 - 1928-12-9

Nikolai Astrup. Mindeutstilling

Kristiania (Oslo)

Katalognummer 236

Se utstilling

Gruppeutstilling

Bibliografi

Bergens Kunstforening. Nikolai Astrup 1880–1928. Mindeutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1928.