Astruptunet:
Heimen som Kunstverk

På ein avsats i bratthenget på sørsida av Jølstravatnet kviler ei klynge gamle torvtekte hus. Omgitt av hengebjørk, hegg og hestekastanjar er dei nesten uråd å sjå frå vegen og stranda nedanfor.


Denne gøymde skatten er Astruptunet, heimen til målaren Nikolai Astrup og kanskje det aller største kunstverket hans. Sjølv omtalte kunstnaren denne særeigne plassen som ein «grøn vegg», og når du står på den mosegrodde stien mellom husa, andpusten etter den korte, men bratte fotturen opp frå vatnet, forstår du kva han meinte.

Sandalstrand var det offisielle namnet på småbruket som Astrup budde på frå 1912 til han døydde i 1928, berre 47 år gammal. Men historia om Astrup og det vakre Jølster, i dag ein fire timars køyretur frå Bergen, tek til på den andre sida av vatnet i 1883. Astrup var nesten tre år då faren blei sokneprest i bygda og familien flytta inn i prestegarden på Ålhus. Som eldste son var det venta at han skulle bli kyrkjemann som faren, og 15 år gammal kom han inn ved Trondheim katedralskole. Det var eit stort vonbrot for faren då han slutta, fast bestemt på å utdanne seg til kunstnar i staden. I 1899 blei han elev på Harriet Backers målarskule i Kristiania, ein leiande lærestad i samtida. I 1901, etter ei reise gjennom Tyskland, slo han seg ned i Paris for å studere under Christian Krohg ved Académie Colarossi. Ironisk nok var det i Paris han oppdaga korleis det norske landskapet, som han sjølv hadde kjent frå barnsbein av, kunne inspirere ein kunstmålar. I mai 1902 valde han å avslutte den formelle utdanninga si og reiste heim for å vie seg til den stadbundne kunsten.

Jølster blei livsprosjektet til Astrup. Han kalla seg sjølv «en av de mest sted- og jordbundne malere i hele landet». Prestegarden, dei gamle stovene i grenda, dei rike fargane og teksturane i miljøet rundt dei, med stadig skiftande vêr og stemningar, går igjen i dei tidlege landskapsmåleria hans. Men han gjekk lenger i å knyte seg til staden enn det som var vanleg i det tradisjonelle friluftsmåleriet på 1800-talet. Ikkje berre landskapet, men kulturen og tradisjonane på staden skulle innarbeidast i kunsten. Då han flytta frå Ålhus og slo seg ned på Sandalstrand på sørsida av vatnet i 1913, gjekk han straks i gang med å omskape heile miljøet der etter sine eigne ideal. Saman med kona Engel Astrup forma han terrenget på garden, bygde avsatsar og terrassar og flytta dei gamle tømmerstovene så dei utgjorde eit tradisjonelt tun. På ti år var det som hadde vore ein skarve husmannsplass med lita bergingsvon – vanstelt, veglaus og rasutsett, og med Astrups eigne ord «dette uhyggelige sted» – forvandla til eit sjølvberga bruk med dyr og grøde nok til å brødfø det som skulle bli ein familie på åtte.

Sjølv om Astruptunet blei skapt med den tradisjonelle levemåten i Jølster som ideal, lét kunstnaren seg òg påverke av idear utanfrå. Fem–seks stover blei pusla saman til det som skulle bli hovudhuset. Det utfordrar tradisjonell byggjeskikk, og interiøret viser inspirasjon frå utanlandsreisene til Astrup, om enn på varsamt vis. Eit iaugefallande døme er det åttekanta tebordet som Astrup hadde sett på Hotel Albert i Alger og kopierte då han kom heim. Dei japanske dørene i atelieret og det kannelerte skåpet i den såkalla kjøkkenstova – rett nok med den svarte målinga fjerna no – avslører ei interesse for den orientalske stilen, mens valet av hageplantar – syrin, hestekastanje, rabarbra – kan vere inspirert av jugendkunst. Engasjementet for tradisjonelt handverk har openberre parallellar til William Morris og kunsthandverksrørsla i England. Han støtta mora Petra Constance Astrup i arbeidet med å ta vare på lokale veveteknikkar og laga sjølv mønster til henne, og han oppmuntra kona til å lære seg tekstilarbeid. Broderia og trykka som Engel Astrup forsynte gardin, putevar og borddukar med, prydar framleis interiøra på Sandalstrand, der dei gir dei dunkle gamle trehusa eit mjukare drag.
Sjølv om det frå først av var ein heim Astrup ville skape, blei staden like mykje eit kunstverk. Rundt om i hagen opparbeidde han utsiktsplassar og landskapsscener som han brukte som motiv i om lag 22 måleri. Sette saman i ein serie viser desse måleria eit panorama av og frå Astruptunet. I Sandalstrand med regnbue (1913) prøvde Astrup ut den visuelle effekten av å bruke raude taksteinar på kjøkkenstova. Deretter bestemte han seg for å bruke torvtak i staden, for å oppnå ein heilskap i tunet. Såleis var ikkje Sandalstrand berre eit motiv i kunsten hans, men blei faktisk forma av den same kunsten.

For Astrup blei hagen ein stad for kunstnarisk utforsking. Han trimma og formklipte tre som skulle førestille troll, som så fann vegen inn i måleria hans, og han laga eit utandørs opphaldsrom, «Grotten», med eit steinbord og ein dam – i tillegg til eit tak av bladverk frå trea rundt, inspirert av formelle hagar i Japan og England. Han prøvde seg òg på å krysse plantar, men vedgjekk i eit brev i 1918 ein «svaghed for at experimentere med alle múlige og úmúlige planter, som kan vokse her i fjeldbygden – ja ogsaa de som ikke kan vokse her – de fleste af mine forsök havner tilslut i denne sidste række».

Å omskape natur og forme eit landskap som kunst, ikkje berre måle det, blir gjerne assosiert med stadkunstrørsla frå 1950-talet og framover, til dømes jordkunstverka til Robert Smithson. Prosjektet til Astrup kan derimot òg sjåast som ein parallell til multimedieeksperimenta til avantgarden i samtida, til dømes streiftoga Pablo Picasso eller Sonia Delaunay gjorde i teater- og tekstildesignen. Astrup kryssa mange grenser i kunsten sin, til dømes grensene mellom måleri og trykk når han handmåla tresnitt eller la til grafiske element i måleria. Men som krysning er Astruptunet sjølve meisterverket: mellom landskap og kunst, mellom objekt og visuelt uttrykk.

Opphavleg publisert i magasinet World of Interiors:
Haugsbø, Tove. 2016. «Call of the Wild”. World of Interiors 36 (2): 70-79.
Til norsk ved Språkverkstaden AS, desember 2020.