Vårutstillingen
«Vårutstillingen» i Kunstnerforeningen i Kristiania (Oslo) var eit årleg arrangement i månadsskiftet mars-april. Utstillinga vart arrangert som eit alternativ til den etablerte Høstutstillingen, som i større grad var styrt av «naturalistane». Trass i at juryeringa var basert på stemmegiving, vart naturalismen som kunstretning i stor grad favorisert. Naturalismen i norsk samanheng oppstod i 1880-åra og var dominert av friluftsmåleriet. «Vårutstillingen» var såleis ein motaksjon sett i verk av «ikkje-naturalistane».
I 1901 deltok Astrup på utstillinga med måleriet Høstregn i fjellbygden, som han fekk fleire heiderlege omtalar av. Ei av dei som såg utstillinga, var kunstnaren Kitty Kielland. Ho la særleg merke til Astrup og sørgde for at han fekk Olaf Schou sitt reisestipend. Same året førte stipendet Astrup gjennom Tyskland til Paris, der han heldt fram med kunstutdanninga si på Academie Colarossi.