Svart og kvitt-utstillingane inneheldt i hovudsak papirverk – akvarellar, grafikk, teikningar og illustrasjonsarbeid. Utstillinga i Bergens Kunstforening dette året viste om lag 400 papirverk frå samlinga til den avdøde kunstsamlaren Rasmus Meyer og fylte dei tre salane i kunstforeininga. Gjennom gåvebrevet av 1916 vart Meyer si samling overført til Bergen by. Før opninga av museumsbygningen i 1924 gav denne utstillinga eit etterlengta blikk inn i samlinga, som inneheldt litografi, raderingar og teikningar av mellom andre Edvard Munch, Theodor Kittelsen og Erik Werenskiold. Meyer kjøpte tresnitt i svart-kvitt og farge direkte frå Astrup frå om lag 1911 og framover, mellom anna ein versjon av Lite selvportrett, som var stilt ut i denne samanhengen.