Panama-Pacific Post-Exposition Exhibition
Verdsutstillinga Panama Pacific International Exposition markerte opninga av Panamakanalen, som endeleg opna i 1914. Utstillinga sin spektakulære karakter skulle òg rette merksemda mot det nye San Francisco, som vart lagt i ruinar i eit stor jordskjelv i 1906. Verdsutstillinga kunne by på flyoppvisning, moderne damplokomotiv, telefonkontakt med New York og nasjonale paviljongar. Den norske paviljongen var teikna av arkitekt Carl Berner og presenterte eit utval frå dei viktigaste næringsvegane: skipsfart, fiskeri og industri.
Etterutstillinga “Post-Exposition Exhibition in the Department of Fine Arts” var lagt til ein eigen bygning: The Palace of Fine Arts, som er den einaste bygningen som står att etter verdsutstillinga.
Komiteen til avdelinga for norsk kunst bestod av konsul Fredrik Herman Gade, diplomaten Wilhelm von Munthe af Morgenstierne og kunst- og fotokritikaren John Nilsen Laurvik.