På Hamarutstillinga sommaren 1908 viste Astrup fram to bilete: «Sommernat för slaatten» (K71) og «Sagn fra Jölster» (Jølstersagn, K38). Tidlegare same året var desse måleria utstilte i Astrup si separatutstilling ved Bergens Kunstforening. Mange av dei mest kjende kunstnarane i Noreg var representerte, men kritikaren i avisa Oplandet trekte særleg fram Astrup: «[D]ét, som henleder opmærksomheden paa disse to billeder, er at de paa en maade representerer den nye franske saakaldte naivistiske retning – naivt, fordi at tingene sees saa at sige med barnets öie, og udförelsen faar deraf sit enkle præg». Måleriet Jølstersagn vart kjøpt av Einar Lunde, som seinare donerte det og resten av samlinga si til Lillehammer Kunstmuseum.