Ved kirsebærtreet i prestegårdshagen

, 1908 - 1912

Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men Astrup sin tittel fortel at motivet er frå prestegardshagen, kanskje ved eit av kirsebærtrea som er viste i måleriet Vårregn og kirsebærtrær (K43). I Astrup si liste frå 1927 legg kunstnaren til ein alternativ tittel i parentes: «Naar kirsebærene modnes». Dette peiker mot at måleriet truleg er eit julimotiv, noko som står i kontrast til tittelen som er oppført i Bergens kunstforening sin protokoll i 1913: «Vaar».

I 1913 var måleriet til sals for 600 kroner, men det vart kjøpt av Bergens kunstforening for 350 kroner 12. mars 1913. Foreininga brukte måleriet i lotteriet sitt same år. Ved loddtrekninga, som vart gjennomført ved juletider, vart medlem nr. 741, augelege Hans Gottfried Dethloff (1871–1948), trekt som vinnar. Dethloff var gift med tuberkuloselegen Elise Dethloff (1872–1931), og begge var praktiserande legar i Bergen på byrjinga av 1900-talet. Historikken etter 1913 er ukjent. Legeparet, som var barnlause, budde i ei av gatene som vart råka av bybrannen i Bergen i 1916, og måleriet kan såleis ha gått tapt.  

-1908-1913:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1913-1916-:

Hans Gottfried Dethloff

(1871-1948)

Ved kirsebærtreet i prestegårdshagen

, 1908 - 1912

: 2023-03-05

-1908-1913:

Nikolai Astrup

(1880-1928)

1913-1916-:

Hans Gottfried Dethloff

(1871-1948)