Gammel jølstring
, 1899 - 1928
, 1899 - 1928
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av dette måleriet, men tittelen indikerer at motivet er eit portrett av ein eldre person, truleg ein mann.
Måleriet vart lagt til som eit ekstra verk då minneutstillinga vart vist i kunstforeininga i Oslo i 1928. Eigaren vart såleis ikkje oppført i den trykte utstillingskatalogen, og vedkomande er anonymisert i arkivet. Historia før og etter dette er ukjent.
n.d.-n.d.:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
Bergens Kunstforening. Nikolai Astrup 1880–1928. Mindeutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1928.