Studie i olje
, 1899 - 1928
, 1899 - 1928
Det finst ingen kjente skildringar eller fotografi av denne studien.
Då Astrup døydde i 1928, gjekk studien i arv til kona, Engel Astrup (1892–1966). På minneutstillingane i Bergen og Oslo same år var dette blant bileta enka sette opp for sal. Prisen var 500 kroner, men biletet vart ikkje selt. I eit brev frå Bergens kunstforening til Christiania kunstforening står det følgjande: «De urimelig höie priser som fru Astrup har sat op, har forhindret ethvert salg. Forhaapentlig – baade for fru Astrup og for Dem – vil hun revidere prisene naar utstillingen aapnes i Oslo.» Engel Astrup hadde fått gode råd om prissetjinga. Ho sat att med høg gjeld etter ektemannens død, og sal av måleri kunne gje henne ei kjærkommen inntekt. Historikken etter 1928 er ukjent, men studien kan vere ei av oljeskissene Nasjonalgalleriet kjøpte av Engel Astrup i 1949.
-1928:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
1928-1928-:
Engel Astrup
(1892-1966)
Bergens Kunstforening. Nikolai Astrup 1880–1928. Mindeutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1928.