Priseldesteinen
undefined undefined undefined, 1908 - 1928, [980] x [1220] mm
undefined undefined undefined, 1908 - 1928, [980] x [1220] mm
Ein mann med hatt sit i graset og drikk frå ei flaske. Han er plassert heilt i framgrunnen, nede i det venstre hjørnet, og har andletet vendt mot to bål som brenn i mellomgrunnen til høgre. Båla ligg på ei høgde i terrenget, med utsyn over eit fjord- og fjellandskap, og er omkransa av fleire menneske, som berre er svakt antyda med små, mørke strøk på lerretet. Røyken frå båla stig og velter nedover dalføra, og i dei fjerne fjella stig røyken frå fleire bål opp mot den lyse sommarhimmelen.
«Priseldesteinen» er ein av studiane til Jonsokbål (K55), og det skissemessige preget, med raske strøk og enkle konturar, kjem tydeleg fram i det gamle sepiatona fotografiet. Fotografiet stammar frå albumet til Astrup sin nære ven Per Kramer (1872–1946), og er truleg teke i samband med minneutstillinga i 1928.
Då Astrup døydde i 1928, gjekk måleriet i arv til kona, Engel Astrup (1892–1966). På minneutstillingane i Bergen og Oslo same år var dette blant måleria enka sette opp for sal. Prisen var 6000 kroner, men måleriet vart ikkje selt. I eit brev frå Bergens kunstforening til Christiania kunstforening står det følgjande: «De urimelig höie priser som fru Astrup har sat op, har forhindret ethvert salg. Forhaapentlig – baade for fru Astrup og for Dem – vil hun revidere prisene naar utstillingen aapnes i Oslo.» Engel Astrup hadde fått gode råd om prissetjinga. Ho sat att med stor gjeld etter ektemannens død, og sal av måleri kunne gje henne ei kjærkommen inntekt.
Dottera Turid Astrup Jacobsen (1916–1991) arva biletet på 1950-talet og selde det til ein ukjent person etter Astrup-utstillinga i København i 1965. Historikken etter dette er ukjent.
-1920-1928:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
1928-1950-:
Engel Astrup
(1892-1966)
-1950-1965-:
Turid Hjørdis Petra Astrup
(1916-1991)
Bergens Kunstforening. Nikolai Astrup 1880–1928. Mindeutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1928.
Kunstforeningen i København. Nikolai Astrup 1880–1928. København: Kunstforeningen i København, 1965.
undefined undefined undefined, 1908 - 1928, [980] x [1220] mm
undefined: Per Kramer (?)
undefined: Anders Beer Wilse, 1936. Norsk Folkemuseum.
-1920-1928:
Nikolai Astrup
(1880-1928)
1928-1950-:
Engel Astrup
(1892-1966)
-1950-1965-:
Turid Hjørdis Petra Astrup
(1916-1991)
Bergens Kunstforening. Nikolai Astrup 1880–1928. Mindeutstilling. Bergen: Bergens kunstforening, 1928.
Kunstforeningen i København. Nikolai Astrup 1880–1928. København: Kunstforeningen i København, 1965.