Tekstiltrykk og tresnitt – Engel og Nikolai Astrup, Astruptunet – Sogn og Fjordane Kunstmuseum

20.05.2017 to 17.09.2017

Nikolai Astrup sin grafikk er sentral i samlinga av kunstverk på Astruptunet. Her finn ein eit eksemplar av dei aller fleste trykka og å  dei fleste trykkplatene. Det som er mindre kjent, er kona Engel Astrup sine tekstiltrykk.

Då Nikolai Astrup fekk i oppdrag å kopiere dei gamle trykte bunadsforklea til Sunnfjordbunaden i 1925, meinte han at dette var eit oppdrag for kona Engel. Rundt 1926 reiste ho til Amble gard på Kaupanger for å lære den gamle trykketeknikken. Der kopierte ho treskurd, kisteroser og treklisjæar som vart brukt til lintrykk i eldre tider.

Dette vart starten på eit spennande kunstprosjekt for Engel. På same måte som Nikolai eksperimenterte med sine tresnitt, gjorde Engel variasjonar på sine bunadsforkle, både i fargar, form og storleik. Småjentene i grenda Sanddal fekk sine små forkle.

Bunadsforkle, gardiner, borddukar og border vart trykt i hopetal av Engel. Denne utstillinga er berre ein smakebit på produksjonen hennar. Vi ynskjer å setje fokus på trykka hennar, og knytte kontakt med publikum, slik at vi kan få ei vidare oversikt over produksjonen.

Engel og Nikolai Astrup var meir ein eit ektepar. Den støtta og forståinga Engel synte for Nikolai sitt kunstnarskap, var heilt avgjerande for Nikolai Astrup sin produksjon. Engel lytta og lærde og i 1922-23 reiste Engel saman med Nikolai på studiereise til utlandet. Dei vart buande i Algerie ein periode kor ho fødde ein son, Per Conrad Alger, oppkalla etter Conrad Mohr som gav stipendet og staden han vart fødd. Engel med deira nyfødde barn vart eit flott motiv for Nikolai, noko vi får sjå i utstillinga. Dette var ikkje einaste høve Engel var modell i Astrup sine bilete, vi kan nemne Fødselsdag i hagen, Rabarbra og Frå Sandalstrand.

Då Nikolai døydde heldt Engel fram med sitt liv på Astruptunet, både med gardsdrifta og tekstiltrykka sine. Då Jølster husflidslag vart skipa i 1939 vart Engel vald til varaformann og same år deltok ho på utstilling i Bergen kunstforening med handtrykte dukar. I 1965 selde ho eigedomen til Jølster kommune, med ein klar bodskap, her skulle det byggast eit eldfast bygg til å huse kunsten og ein skulle jobbe for å få kunst attende til Astruptunet.

Kurator: Solveig Berg Lofnes, avdelingsleiar Astruptunet

Tekst hentet fra Sogn og Fjordane Kunstmuseums hjemmeside

 

Les også fylkesordfører Jenny Føllings åpningstale her

Nikolai Astrup