Sunde

Engel Sunde, kona til Nikolai Astrup, voks opp på Sunde på sørsida av Kjøsnesfjorden. Truleg vart Astrup kjend med Engel då han skulle måle Kollen (1906) eller Kleivefjellet som ligg mellom Kjøsnes og Lunde rett over for fjorden på Sunde. Astrup fekk låne eit rom til atelier i huset der Engel budde, med god utsikt til motivet. Lille julafta i 1907, like før Astrup skulle på stipendreise til London, gifte dei seg i prestegården.

Eit anna kjent motiv ein ser frå Sunde er av Astrup si dotter Kari – motiv frå Sunde (kring 1918), som sit og bind ein blomsterkrans. I bakgrunnen ser ein Grovanipa og Kjøsnesfjorden , som strekkjer seg innover mot Jostedalsbreen.

Frå Sunde ser ein over til Kjøsnes, der Astrup budde i sommarferien mens han gjekk i lære hos Harriet Backer rundt århundreskiftet. Heilt nede ved vatnet står Kjøsnesstova, ei gamal røykovnstove. Frå denne stova måla Astrup blant anna biletet Interiør frå Kjøsnesstova (1900-01), og motivet av Likdansen er også henta frå denne stova.

Solveig Berg Lofnes

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup