Eit stort år for Astrup

Over 100.000 har sett utstillinga som i 2016 har turnert i London, Oslo og Emden.

Sparebankstiftelsen DNB er initiativtakar og sponsor for den internasjonale Astrup-turneen, og utstillinga er kuratert av dei anerkjente britiske kunsthistorikarane Frances Carey, Ian A.C. Dejardain og MaryAnne Stevens. Utstillinga visar fram ei imponerande mengde mindre kjende Astrup-verk, med rause bidrag frå private samlarar.

Katalogen til utstillinga er publisert på engelsk, norsk og tysk. Den inneheld artiklar frå dei tre kuratorane, samt Tove Haugsbø, Kari Greve, John Myerscough og Eric Pearson. Katalogen selgjast på alle visningsstadane i utstillingsperioden, og kan elles kjøpast i KODEs museumsbutikkar og på diverse nettutsal.

Dulwich Picture Gallery – Painting Norway: Nikolai Astrup 1880-1928
Utstillinga opna på Dulwich Picture Gallery i London 3. februar, med opningstale av HM Dronning Sonja. Utstillinga fekk strålande kritikk i britisk presse, og hadde 50.000 besøkjande.

«These are magical landscapes in every sense. Do go see them» ★★★★ The Telegraph

«Tolkienesque scenes of Midsummer magic» ★★★★ The Guardian

Henie Onstad Kunstsenter – Nikolai Astrup 1880-1928: Norske Landskap
Henie Onstad Kunstsenter var neste stoppestad med utstillingsopning 10. juni. Her blei utstillinga supplert med aktualiserande samtidskunstverk frå kunstnarar som Book & Hedén, B. A. Huseby, Åsa Sonjasdotter og Futurefarmers med Martin Lundberg. Heile 60.000 tok turen innom Henie Onstad Kunstsenter.

Kunstkritikar Lars Elton gav utstillinga terningkast 6 i sin anmeldelse i VG.

Kunsthalle Emden – Nikolai Astrup: Norwegen. Eine Entdeckung
2. oktober opna utstillinga i Kunsthalle Emden i Tyskland. I samband med kunsthallens 30-års jubileum blei opninga høgtideleg markert, blant anna med tale av tidlegare forbundskansler i Tyksland, Gerhard Schröder. Utstillinga i Emden er open til 22.01.2017, og er siste visningsplass for utstillinga.

Utstilling på KODE
Samtidig med utstillingsturnéen opna KODE i januar utstillinga Nikolai Astrup – Veien hjem, kuratert av førstekonservator Tove Haugsbø. Utstillinga rettar fokus mot Astrups tidlege arbeid, og synar fleire verk som aldri har blitt vist fram før. Publikum har også mulighet til å sjå viktige inspirasjonar for Astrup, i form av måleri frå blant anna Harriet Backer, Christian Krohg og Theodor Kittelsen. Over 40.000 har så langt besøkt utstillinga hjå KODE.

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup