Barne- og ungdomsteikningar

Nikolai Astrup samla barne- og ungdomsteikningane sine i to store bøker med heimesydde saumar i ryggen. Materialet er ei usystematisk samling av både barne- og ungdomsteikningar, samt små arbeid frå studietida til Astrup, og strekker seg truleg frå midten av 1890-talet og frem til 1904. Samla inneheld dei nær 900 teikningar, inkludert fragmenta. Utklippsbøkene var ei viktig samling av barndomsminne, som Astrup nytta til inspirasjon i kunsten.
Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup