Om Jølster på Astrup si tid

Rundt 1900-talet var Jølster, som så mange andre kommunar, eit samfunn i endring. Det var ei byrjande industrialisering, utvikling av kommunikasjonar og ei modernisering i jordbruket, med overgang frå sjølvforsyning til eit salsjordbruk.  Bøndene organiserte seg i samyrkjelag for å sikre seg stabile prisar. Folkeauken la grunnlag for handelssamkvem, spesielt retta mot Bergen og andre byar. Ny skulelov i 1860 trygga utdanning, og fleire kvinner tok seg arbeid. Alt dette gjorde det enklare for Jølster, som ei relativt innestengd bygd, å nå ut til omverdenen.

Folketal

Folketalet i Jølster vaks kraftig på 1800-talet, trass i stor utflytting og utvandring. I 1800 budde det 1811 innbyggjarar i kommunen, i 1900 var innbyggjartalet stege til 2858, medan det i 2011 er registrert 3021 innbyggjarar.

Posten i Jølster

Postvegen mellom Trondheim og Bergen, Den Trondhjemske Postvei, vart bygd gjennom Sunnfjord i 1780-åra, og postkontoret i Jølster vart opna i 1875. Postruta starta i Dale (Fjaler Kommune) og gjekk inn til til Sveen i Bygstad (Gaular Kommune) med robåt. Derifrå med postberar eller postryttar gjennom Førde Kommune og opp til Jølstravatnet. Før vegen vart bygd mellom Vassenden og Ålhus i 1822, gjekk den med båtskyss heilt til Skei. Båtferda vart då nedkorta til Ålhus-Skei. Frå Skei vart postsekken frakta til Førde ved sørenden av Breimsvatnet, og så vidare med ny båtskyss til Reed i Breim.

Korrespondansen mellom postberar og postroar i Jølster gjekk altså føre seg på Skei og på Ålhus. Det første ”postkontoret” i Jølster vartdifor oppretta på Ålhus prestegard i 1787. Oberst Fasting tok opp spørsmålet om å få eit postkontor i Jølster for første gong i 1774, men det vart ikkje omtala i lister over Norske Postkontor før i 1808. Den første postopnaren som ein kjenner det fulle namnet på, var Anders Emanuel Johanneson Aalhus og var registrert i 1860.

I byrjinga var Ålhus det einaste postkontoret i Jølster. I 1833 vart postadressa endra frå Jølster til Aalhus, og i 1917 til Ålhus. I 1973 vart kontoret ’underpostkontor’, i 1977 ’postkontor C’, før det vart lagt ned i 1991 og innordna under Vassenden. Skei fekk postopneri i 1875 og etterkvart fekk dei fleste grendene i Jølster, til saman minst 13 stk, brevhus eller postopneri.

Samferdsle

Med postruta vart vegen mellom Vassenden og Ålhus bygd i 1822. Og då det siste vegstykket mellom Ålhus og Helgheim var ferdig i 1859, var det samanhengande veg på nordsida av Jølstravatnet. Vegen på sørsida av Jølstravatnet, frå Vassenden til Sægrov, vart bygd i etappar på 1870-talet, men vart ikkje utvida til skikkeleg bilveg før tida mellom 1938 til 1945.

Etter initiativ frå hotelleigarane Tollef Gabrielsen Skrede og A. O. Aardal på Skei og Nikolai Nielsen på Vassenden vart det skipa eit lutlag, og den vedfyrte dampbåten ”Skjold” kom i trafikk på Jølstravatnet i 1891. Strekka Skei-Vassenden tok vel 2 timar, og turen kosta 50 øre for vaksne og 25 øre for born. Astrup sin gode ven lærar Anton O. Fond var båtførar i perioden 1900-1913. Båten gjekk på Jølstravatnet fram til 1913 då den vart avløyst av bilruter. Då tok oppsitjarane kring Kjøsnesfjorden over D/S ”Skjold”og brukte den til vegen til Lunde var fullført i 1938. I 1913 kjøpte også Andreas Lunde motorbåten ”Skei”, som vart nytta til transport til dei veglause gardane kring Kjøsnesfjorden.

Rutebilar

Då staten i 1918 lova støtte til lokale vareruter, nytta jølstringane høvet til å skipe Jølster Kommunale Automobilselskap. Lastebilen, av merket Republik med 2,5 tonns lasteevne, hadde si første rute 22. juli 1919. Det var viktig for jølstringane å få frakta varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde. Bilen gjekk derfor i rute mellom Førde og Sandane fire yrkedagar og to dagar køyrde den Førde-Skei- Førde. I 1920 vart det i tillegg oppretta rute langs sørsida av Jølstravatnet. Det kommunale billaget vart likevel kortvarig og gjekk inn i Firda Bilag då det vart skipa i 1920.

Hotell

Ruta frå Vadheim til Sandane vart ei av dei mest attraktive turistrutene på vestlandet. På kort tid grodde det opp tett med turisthotell langs ruta. Dei daglege skyssetappane med hest var relativt korte, og dette gav gode levekår for skysstasjonar og hotell i Jølster. I begge endar av Jølstravatnet var det gjestgiveri heilt frå tidleg 1700-tal. I sommarsesongen fekk bøndene og gode ekstrainntekter som skysskarar for turistane med hest og karjol. På Lunde hadde det vore skysstasjon sidan 1890-talet. Lunde Turiststasjon vart grunnlagt av Andreas Lunde, som og dreiv som breførar på ruta Lunde-Fjærland.

På Vassenden hadde det vore skysstasjon, post, handel og i 1892 kom det telefonstasjon. Nielsens Hotell vart bygd i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden. Hotellet hadde tre etasjar, og var bygd i sveitsarstil. Nilsen var også engasjert i meieridrift på Vassenden. Sonen Anfinn Nilsen overtok hotelldrifta og var og postopnar fram til 1940. Då gjekk hotellet over til Anfinns syskenbarn Kristian A. Støfring (1902–1965). Hotellet skifta då namn til Vassenden Hotell. I 1941 vart hotellet rekvirert og brukt resten av krigen som forlegning for tyske soldatar. I 1964 fekk hotellet eit påbygg med flatt tak. Dette påbygget vart på 1980-talet «kamuflert» og betre tilpassa det gamle bygget ved endring av takkonstruksjonen. I 1989 skifta Vassenden Hotell namn til Jølster Hotell. I 1998 – 2001 vart hotellet teke i bruk som asylmottak. Etter ein periode med hotelldrift vart det på ny asylmottak i 2010.

På Skei hadde Skredeslekta lenge drive skysstasjon og starta Skei Hotell i 1889. Hotellet var bygd i sveitsarstil i 3 høgder, og hadde 30 senger. Hotellet kjøpte sin første bil i 1921. Like etter at dei tyske okkupasjonsstyrkane rekvirerte hotellet i 1943, brann heile anlegget ned til grunnen. Etter krigen bygde 2. generasjon Skrede, Tollef Tollefson Skrede, nytt hotell med 48 senger. Hotellet vart på nytt brannskadd i 1959, men bygd opp att og seinare utvida i fleire etappar. Skei hotell kjøpte konkurrenten sitt hotell Hotel Stanley, då det gjekk konkurs. Dei reiv det og bygde det opp som tilbygg til sitt eige hotell på Skei.

Kraftverk

Dei første kraftverka i Jølster, vart bygde på Helgheim, Ålhus og Skei i 1916. Seinare kom det til fleire småkraftverk, bl.a. vart Sandal el-verk skipa i 1943. Mange av desse første småkraftverka var i drift langt fram på 1960-talet.

Meieri

Ved omlegging av jordbruket frå naturalhushald til pengehushald på slutten av 1800-talet, var eit av dei viktigaste moderniseringstiltaka bygginga av meieri. Her kunne bøndene gjennom felles investeringar drive meir rasjonell produksjon av smør og ost for vidare sal. Bergen var den viktigaste marknaden for slike mjølkeprodukt på Vestlandet.

På få år grodde det opp tilsaman 26 større og mindre bygdemeieri i Jølster kommune. Dei fleste grendene i Jølster som Astrup hadde tilknyting til, hadde meieri. Både på Ålhus og på Myklebust var det smørmeieri som omsette produktet gjennom Norske Meieriers Salgssentral. I Brenden i Sandalen var det også smørmeieri som i starten solgte til England, og seinare til ein kjøpmann i Bergen.

Pelsdyr

I 1910 var Pelsdyrpionèr Ole M. Totland frå Bryggja i Nordfjord ein av dei første i Noreg som starta sølvrevoppdrett med importert villrev frå Canada. Reveoppdrett var både risikabelt og kapitalkrevjande dei første ti-åra, og i Jølster som elles i fylket skipa difor bøndene aksjelag som eigde og dreiv sølvrevgardane. Hans Astrup, bror til Nikolai Astrup, starta den første sølvrevgarden på garden Grøset  på Ålhus i 1925. Året etter kom Bendik J. Nedrebø i gang med Bø Revegard på Ålhus. I 1927 starta Ola Nedrebø, Johannes I. Døsen og Anders Erikstad ein revegard og Helgheim Revegard vart skipa i 1929.

Bank

Jølster Sparebank vart grunnlagt 1900. Dei første åra heldt banken til i ei gamal stove i Instetunet i Årdal, hos Ola Andersson Årdal (1854–1904). Han dreiv hesteskyss og eit lite hotell på garden sin. Ei anna stove på bruket, vart lenge nytta som møtelokale for kommunestyret. Sparebanken bygde eige bygg i Årdal frå 1912, og heldt til der til 1997. Dette bygget står framleis tett attmed E39.

Handel

På Ålhus starta Anders Knutson Sunde landhandel rundt 1900, under firmanamn A.K. Sunde. Forretninga fekk nybygg 1955, og vart avvikla kring 1990.

På Vassenden starta Ivar Hylderaas (1857–1957) frå Voss landhandel, truleg i 1894 i bygget som seinare er kalla Blåbutikken. I Sandalen vart det starta landhandel i 1926 av Gunnar Hylderås og vart drevet fram til 2008 av sonen Ingvald Hylderås, medan landhandelen på Vassenden vart avvikla i 1961.

Pennalfabrikken

Pennalfabrikken vart starta ved Flugelona på Vassenden i 1927 av brørne Kristian Eikås og Bertel Eikås, som dreiv den fram til 1959. Kristian Eikås (1899-1974) var lærar og grunnleggjar av Heimeyrkeskulen i Jølster og var rektor der frå starten i 1945-1969. Eikås gjorde også opptaket til skiping av Husflidslaget i Jølster i 1939.

Kyrkjer

På Astrup si tid var det to kyrkjer i Jølster. Ålhus kyrkje vart reist 1795 av byggmeister var Gunder Gregorius Støfringshaug. Tidlegare stod det ei stavkyrkje her.

Helgheim kyrkje vart bygd i 1877 av arkitekt J.W. Nordan og byggmeister Ole Vanberg. På Helgheim har det truleg vore kyrkje på 1200-talet. Ordførar Anton Øygard frå Stardalen arbeidde i si tid hardt for å få flytta Helgheims-kyrkja til Skei, men tapte med 1 røyst då flyttesaka kom opp i kommunestyret.

Andre kunstnarar i Jølster på Astrup si tid

Jølster har fostra mange kjende kunstnarar og har hatt eit aktivt og rikt kulturliv.

Av spelemenn kan vi nemne Viken-familien på Skei, der det har vore kjende spelemenn i fleire generasjonar: Ola Olsson Viken (1848-1926) var lærar, ordførar og ein framifrå spelemann. Sonen Anders O. Viken (1898-1976) tok opp arven, og er den mest kjende slåttekomponisten. Han har komponert over 500 slåttar, mellom desse ”Jølstrabrura” og ”Huldresølvet.

Arne Viken (f. 1925), sonen til Anders O. Viken, busette seg i Mo i Rana og har gjort ein stor innsats for nord-norsk musikkliv med hardingfela som han tok han med seg frå Jølster. Rakel Viken (1891-1995), kona til Anders O. Viken, fødd Bolset, var meierske og bygdediktar. Ho har samla gamle ord og uttrykk frå Jølstradialekten og gjeve den ut i bokform.

Daniel Olson Viken (1886–1935) frå Jølster. Lærar og Arbeiderparti-politikar som busette seg i Nes på Romerike, der han vart ordførar i 1929. Gav i 1922 ut diktsyklusen ”Røykfritt krut”. Vararepresentant for Akershus på Stortinget 1925-1927 og 1931-1933.

Felespelaren Johannes B. Nedrebø (1854–1934) var frå Ålhus, og budde i Bensentunet som Astrup ivra for å få freda. ’Bendik-Johannes’ er også spelemannen vi finn i mange av St.Hans-bileta til Astrup.

Nikolai Olsson Berg (1875-1956) var bonde, kunstmålar og fotograf. Han var ein av dei som gjorde til at bautaen til minne om Nikolai Astrup vart reist i 1953. Han var fysisk med og frakta steinen fram til Ålhus. Som fotograf har han dokumentert mykje i Jølster frå byrjinga av 1900-talet.

Anton E. Fond (1866-1938) var frå Stardalen og var ein nær ven av Nikolai Astrup. Han var lærar i Myklebust og Sandal skulekrins frå 1893 og framover dei neste 20 åra. I tillegg var også Fond sjølv ein habil kunstmålar.

Johannes Fossheim (1890–1981) frå Vassenden var bonde og treskjærar. Han var søskenbarn til Engel Astrup og på Astruptunet er fleire av arbeida hans ein del av interiøriet. På Jølstramuseet på Vassenden er fleire av treskulpturane stilt ut, bl.a. Fanitullen som han fekk pris for på landsutstillinga i Bergen i 1928.

Eivind Fossheim (1892–1982) var bror til Johannes Fossheim, og var lærar og museumssamlar. Han bygde opp Jølstramuseet på Vassenden.

Johannes Aalhus (1880–1910) frå Ålhus var lærar og målmann, som m.a. heldt kveldsskule med opplæring i nynorsk. Han stod sentralt i målstriden kring 1905, der ein av motstandarane av nynorsk i skule og kyrkje var presten  Christian Astrup, Nikolai Astrup sin far.

Solveig Berg Lofnes

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup