Myklebust

Etter å ha gitt opp å finne seg buplass på Ålhus, flytta Astrup og familien til Myklebust i 1911. Der slo dei seg ned i ei kårstove i Nesavika. Like ved budde Astrup sin gode ven Anton O. Fond. Han var lærar, men måla også bilder frå Jølster. I starten hadde Astrup eit arbeidsrom hos Fond, men etterkvart sette han seg opp ei bu til atelier på steintippen mot vatnet i Nesavika. Til slutt bygde han også ei stove ved sida av den gamle kårstova. Over mønet på stovene sine bygde han lem med veranda, både mot vatnet og fjellet. Etter problem med grunneigar om skøyta, enda Astrup med å flytte. Han kjøpte Sandalstrand, som låg 3 km unna og flytta dit i 1914.

Astrup beholdt likevel atelieret på Myklebust og gjekk vegen tilbake for å arbeide der etter at han var flytta til Sandalstrand. Av motiv han måla her i frå kan vi nemne Vår med hvit hest (1914-1915) og Fugl på Stein (ca. 1913), og nokre km lenger innover finn vi også Marsmorgen (ca. 1920). Då Astrup fekk bygd seg atelier på Astruptunet, vart bua på Myklebust overteke av Fond, som bygde det attåt huset sitt.

Solveig Berg Lofnes

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup