Jølster

Jølster kommune ligg midt i Sogn og fjordane på Vestlandet. Kommunen dekkjer eit areal på 671 kvadratkilometer, og av dette er 90 kvadratkilometer isbrear og 43,5 kvadratkilometer ferskvatn. Deler av Jostedalsbreen ligg innanfor Jølster kommune og ein kan nå denne frå Dvergsdalen, Lunde og Stardalen.

I 2011 er Jølster stadig ein tradisjonsrik jordbrukskommune med vel 3000 innbyggjarar. Etter vestlandsmålestokk er bruka høvesvis lettdrivne og store. Naturen og kulturen har saman med den sentrale geografiske plasseringa gjort Jølster til eit attraktivt reisemål. Blant desse kan ein nemne Astruptunet, Eikaasgalleriet og Audhild Vikens Vevstove.

Jølster har rike tradisjonar innan husflid, folkemusikk og kunst. Ved sidan av Nikolai Astrup, finn ein også andre godt kjende namn, som Ludvig Eikaas (1920-2010), komponisten og felespelaren Anders Viken (1898-1977) og veverska Audhild Viken (1915-2000). Av dei som fortsatt er aktive kan vi nemne spelemannen Sigmund Eikås (f.1947) og fotograf Oddleiv Apneseth (f.1955).

Nikolai Astrup budde mesteparten av sitt liv i Jølster. Med unntak av nokre få bilete med motiv frå Bryggen i Bergen, Svanøy og Astrups gård i Dannmark, er motiva til Astrup henta frå denne bygda. Sentralt er Ålhus der han vaks opp, Sunde der kona Engel kom frå og Myklebust og Sandalstrand der han budde i vaksen alder.

Les mer om Jølster på Astrup si tid

Solveig Berg Lofnes

Ålhus i Jølster. Foto: Olai Fauske.

Ålhus i Jølster. Foto: Olai Fauske.